Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:667 (2013-2014) Innlevert: 10.04.2014 Sendt: 10.04.2014 Besvart: 23.04.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson
Fredric Holen Bjørdal (A): Etter at regjeringa trakk tilbake Stortingsmelding 46, er det uklart kva som er regjeringa sin politikk på attføringsområdet. NHO Attføringsbedriftene med fleire meiner at denne sektoren ikkje eignar seg for kommersialisering. Regjeringa sitt syn på dette har ikkje kome tydeleg fram enno. Har statsråden planar om å fremje forslag om å kommersialisere heile eller delar av tiltaksporteføljen for menneske med nedsett arbeidsevne, og viss han har det, kjem han til å involvere Stortinget, t.d. gjennom ei stortingsmelding?
Robert Eriksson: Som vi skriv i Meld. St. 9 (2013-2014) om tilbaketrekking av Meld. St. 46 (2012-2013) har regjeringa ambisjonar om å få fleire i arbeid, og at vi difor vil kome attende til Stortinget med forslag til tiltak i ei ny melding. Her peikte vi og på regjeringa si politiske plattform som dette meldingsarbeidet vil byggje på. Det er planlagt å leggje meldinga fram for Stortinget hausten 2014. Eg ønskjer meg ein brei gjennomgang av verkemiddel som kan få fleire folk i arbeid. Regjeringa ønskjer å byggje ut ordinært arbeidsliv som tiltaksarena, mellom anna ved å auke bruken av lønstilskot. Vi vil mobilisere fleire arbeidsgjevarar som kan ta imot arbeidssøkarar med nedsett arbeidsevne. Jamsides arbeidet med ei ny stortingsmelding vert det og gjennomført eit arbeid med å forenkle eit komplisert og uoversiktleg tiltakssystem. Både arbeidssøkarar, arbeidsgjevarar og tilsette i Arbeids- og velferdsetaten vil dra nytte av eit enklare og ubyråkratisk system, basert på at tiltaka skaffast på lovleg måte. Forslag frå dette arbeidet vert sende på offentleg høyring. Andre forslag til forenklingar vil kome i den varsla stortingsmeldinga. Regjeringa ønskjer vidare å gje brukarar større valfridom gjennom å opne opp for fleire leverandørar gjennom auka konkurranse. Vi vil ta alle gode krefter i bruk, samstundes som vi og vil stille strengare krav til både kvalitet og resultat av arbeidsmarknadstiltak. Det viktigaste er ikkje korleis tiltak vert kjøpt og finansiert, men korleis vi kan gje eit best mogleg tilbod til dei som treng bistand for å kome ut i arbeid. Attførings- og vekstbedriftene vil framleis spele ei viktig og dominerande rolle ut frå deira kompetanse, men det skal i tillegg vere plass til andre aktørar som kan tilby gode arbeidsmarknadstenester. Regjeringa vil arbeide breitt og målretta for å forbetre og effektivisere innsatsen med å få fleire som i dag står utanfor arbeidslivet, over i arbeid.