Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:892 (2013-2014)
Innlevert: 04.06.2014
Sendt: 04.06.2014
Besvart: 12.06.2014 av utenriksminister Børge Brende

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kva er regjeringa si haldning til, og ambisjonar for, dei nyleg oppstarta forhandlingane om ein ny avtale om handel med tenester (TISA)?

Begrunnelse

TISA (Trade in Services Agreement) er plurilaterale frihandelsforhandlingar på tenester, som har sitt utspring frå WTO-medlemskapen, men som ikkje er ein del av WTO. Så langt er det 22 partnarar (inkludert EU) og då totalt 50 land som til saman representerer rundt 70% av verdshandelen med tenester. Regjeringa har bestemt at Noreg skal ta del i desse forhandlingane.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Regjeringa vil arbeide for multilaterale handelsavtaler gjennom Verdas handelsorganisasjon (WTO) for å skape stabile rammevilkår og like konkurransevilkår globalt, og samstundes inngå meir avgrensa avtaler der det er naudsynt.
Som ein open og mellomstor økonomi har Noreg ei grunnleggjande interesse av eit robust og regelbasert system for internasjonal handel. Når det har vist seg vanskeleg å kome i mål med ei oppdatering av det globale regelverket gjennom den såkalla Doha-runden, er det naturleg å søke alternative vegar til målet.
Dei første uformelle drøftingane om ein plurilateral avtale om handel med tenester kom i stand etter at ministermøtet i WTO i 2011 slo fast at det ikkje var mogeleg å kome i mål ved å halde fram som før, og samstundes opne for alternative tilnærmingar til forhandlingane. Formelle forhandlingar om ein plurilateral avtale om handel med tenester (TISA) kom i gang sommaren 2013. Regjeringa har vidareført den norske deltakinga i forhandlingsprosessen.
Eksport av tenester vert stadig viktigare for verdiskaping og sysselsetjing i Noreg. Maritim sektor, telekommunikasjon, energi og finansielle tenester er særleg viktige. Det er derfor eit klart mål at TISA-avtalen skal medverke til at norske tenesteleverandørar får tilgang til andre marknadar på same vilkår som konkurrentar frå andre land.
Vidare er det eit mål at avtalen skal medverke til større openheit om kva for reglar som gjeld i den einskilde marknaden og skape meir føreseielege vilkår for verksemda til våre tenesteeksportørar. Dette vil minske risikoen for forskjellsbehandling, vilkårleg handsaming og korrupsjon. Det er i tillegg eit mål å få fleire land til å slutte seg til TISA-forhandlingane. I dag er store marknadar som er viktige for norsk tenestenæring ikkje med i forhandlingane.
På eit overordna nivå har det frå norsk side heile tida vore eit mål at TISA-avtalen skal medverke til å styrke det multilaterale handelssystemet. Partane er samde om at målet er breiast mogeleg deltaking frå WTO-medlemene. Av same årsak er partane samde om at avtalen skal bygge på WTOs generalavtale om handel med tenester (GATS). Endeleg vonar vi at forhandlingane innanfor ramma av TISA skal medverke til framgang i arbeidet for å kome tilbake til forhandlingsbordet på dei områda som står att i Doha-runden.