Skriftlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1019 (2013-2014)
Innlevert: 26.06.2014
Sendt: 26.06.2014
Besvart: 02.07.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Justisdepartementet har opna for at politiet kan ta i bruk ekspanderande ammunisjon. Politidirektoratet skriv på si nettside at politiet har undersøkt skilnaden mellom ammunisjonstypane og slått fast at ekspanderande ammunisjon og heilmantla ammunisjon gir "tilnærma like" skader. NRK har fått avslag på søknad om innsyn i rapporten.
Kan justisministeren utdjupe på kva grunnlag konklusjonen er tatt, og vil justisministeren la Stortinget få innsyn i det faglege grunnlaget for den?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Som representanten nemner, har Justis- og beredskapsdepartementet godkjent bruk av ekspanderande tenesteammunisjon til politiet. Grunnlaget for val av kuletype er ein rapport som dåverande PDMT har utarbeidd på oppdrag frå POD. Rapporten syner dei undersøkingar som er gjort for å framskaffe ammunisjon som oppfyller politiet sine krav. Den inneheld også opplysingar om tilsvarande undersøkingar som er gjort i Finland og Sverige på området. Denne rapporten har, saman med politifaglege vurderingar kring behovet for tenesteammunisjon med mindre gjennomslagskraft, gjeve grunnlag for vår godkjenning av ammunisjonstypen. Politiet sin rapport om val av kuletype er offentleg, og ein kopi av denne ligg ved.

Vedlegg til svar:

Lenke til vedlegget i pdf-format