Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden leggje til rette for at elevar som tek omval skal kunne vere heiltidselevar?
Begrunnelse
Kunnskapsdepartementet tolka i eit brev 11.6. til m.a. Sogn og Fjordane fylkeskommune at
"Departementet legger til grunn at når en elev har fullført og bestått opplæringen i et fag, så skal sluttvurderingen følge eleven helt frem til vitnemålet, med mindre eleven tar faget på nytt som privatist. Dette gjelder også for elever som foretar omvalg."
Dette er ei praksisendring vi i Venstre er skeptiske til.
Tidligare var det slik at elevar som skifta utdanningsprogram kan søke om fritak i fag dei alt har karakter i, og få overført karakterane som dei alt har på vitnemålet til nytt program, eller dei kunne følgje faget og få oppført den beste karakteren.
Den nye tolkinga vil medføre at fleire endrar status frå fulltidselev til deltidselev. Dette medfører med anna at elevane får redusert stipend og lån (fordi dei vert deltidselevar). Fleire lærarar melder til oss at denne statusen gjer at fleire elevar også møter mindre i andre fag og gjer det dårlegare på skolen.
Hovudregelen er at elevane skal vere fulltidselevar. Det bør det også vere når dei skiftar utdanningsprogram, og det bør leggjast til rette for det. Dei bør også få høve til å ta opp att fag som ordinære elevar, og sjølv velje kva karakter dei vil ha oppført på vitnemålet.