Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:40 (2014-2015)
Innlevert: 09.10.2014
Sendt: 10.10.2014
Besvart: 20.10.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Når vil det kome ei sak til Stortinget om nødvendige regelendringar for ei meir fleksibel pleiepengeordning, og vil endringane inkludere retten til pleiepengar for barn med varig alvorleg sjukdom, samt endring av graderte pleiepengar, slik at foreldre sjølv kan gradere opp til 20 % og ikkje berre opp til 50 %, som er regelen i dag?

Begrunnelse

Underteikna er kjend med at regjeringa er i gong med å gjennomgå regelverket for pleiepengar etter kapittel 9 i folketrygdlova, som er å kompensere for tapt arbeidsinntekt for yrkesaktive foreldre ved barn sin sjukdom.
Pleiepengeordninga slik den blir praktisert i dag er ikkje god nok, og fleire som tidlegare har motteke pleiepengar mist denne retten etter ei innstramming i 2006. Hovudregelen blei då at det ikkje skal utbetalast pleiepengar ved varig pleiebehov. Dette gjeld sjukdomar med venta lengd over to år og gir dermed ikkje foreldra rett til pleiepengar, med mindre dei kjem inn under dei strengje unnataksparagrafane. Det har gjort situasjonen til mange familiar svært vanskeleg og mange som hadde innvilga pleiepengar mist rett til stønaden.
Ei urimeleg pleiepengeordning er også noko som statsråd Robert Eriksson har teke opp i Stortinget tidlegare. I Innst. 175 S (2012-2013) fremja Frp eit forslag om nødvendige lovendringar innan utgangen av mai 2013, slik at:

- pårørande med svært alvorleg sjuke barn automatisk får innvilga pleiepengar når dei legg fram helseerklæring og tilråding frå legespesialist

- omgrepet «varig ustabil» blir fjerna frå lovverket

- retten til pleiepengar blir sjølv behalden om barnet i periodar kan delta i barnehage, skule, eller skulefritidsordning (SFO).

I regjeringsplattforma står det også at regjeringa vil reformere ordningane med omsorgslønn og pleiepengar for foreldre med sjuke og funksjonshemma barn som oppfølging av Kaasa-utvalets innstilling. Noko som vil innebere at rettane til desse hardt prøvde familiane vil bli styrkte og meir fleksible.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Stortingsrepresentanten spør meg om når ei sak om endringar i pleiepengeordninga kan vere venta til Stortinget. Eg viser til mitt svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad nr. 1239 (2013–2014), kor han tok opp det same temaet. Regjeringa tek sikte på å sende forslag til ei betre og meir føremålstenleg pleiepengeordning på høyring våren 2015. Deretter skal høyringsinstansane få tid til å vurdere forslaga og kome med innspel. Ein lovproposisjon til Stortinget kan vere venta i rimeleg tid etter at høyringsrunden er avslutta. Kva slags endringar vi vil foreslå, vil eg ikkje føregripe på noverande tidspunkt. Alle dei forholda stortingsrepresentanten nemner vil bli vurderte i utgreiingsarbeidet som mitt departement no er i gang med.