Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:41 (2014-2015)
Innlevert: 09.10.2014
Sendt: 10.10.2014
Besvart: 20.10.2014 av utenriksminister Børge Brende

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Tysdag 9. september vedtok FNs generalforsamling ei fråsegn om å få på plass eit juridisk rammeverk for restrukturering av gjeld. I tida framover vil det gå føre seg forhandlingar om korleis dette rammeverket skal utformast.
Korleis vil Noreg følgje opp dette arbeidet i FN?

Begrunnelse

Tysdag 9. september presenterte G77 og Kina eit framlegg til fråsegn om å "etablere eit multilateralt rammeverk for restrukturering av statsgjeld, med eit mål om å auke effektivitet, stabilitet og føreseielegheit i det internasjonale finanssystemet. Eit slikt rammeverk vil kunne sikre meir føreseielegheit for både kreditorar og land i krise, og er såleis eit godt og viktig tiltak for økonomisk utvikling i fattige land. Framlegget kom i kjølvatnet av avgjersla frå ein amerikansk domstol om å gje medhald til investeringsfondet NML Capital som hadde saksøkt Argentina for gjeld dei kjøpte opp då landet var i krise. Avgjersla har blitt kritisert av ei rekke verdsleiande økonomar, mellom andre Robert Solow, Branko Milanovic og Dani Rodrik, som har åtvara mot konsekvensane av avgjersla for framtidige gjeldsstrukturering for fattige land i krise.

Fråsegna vart driven fram av utviklingslanda, og vart vedteken med eit fleirtal på 124 land. Mellom dei 11 landa som stemte mot var det kun rike, industrialiserte land som USA, Australia og Japan. I likskap med 41 andre land stemte Noreg fråhaldande.
Ettersom fråsegna ikkje oppnådde konsensus, er det ei fare for at arbeidet for å få på plass det juridiske rammeverket ikkje får støtte frå tunge aktørar som USA. Difor er det viktig at Noreg, som eit rikt, vestleg kreditorland, engasjerer seg i forhandlingane og fungerer som brubyggjar i arbeidet for å få på plass det som kan bli eit historisk gjennombrot for å løyse statlege gjeldskriser.
Det har lenge vore tverrpolitisk semje om at gjeldsslette er eit riktig tiltak for å skape økonomisk vekst, og Noreg har vore eit føregangsland på dette feltet. I Sundvolden-fråsegna står det at regjeringa vil ”bidra til gjeldsslette for fattige land gjennom både internasjonale og bilaterale avtaler,” og Utanriksdepartementet støttar for tida eit prosjekt i FN-konferansen for handel og utvikling som utarbeider eit framlegg til ein internasjonal gjeldsslettemekanisme. I tillegg vil Noreg leie planlegginga av Finansering for Utviklingskonferansen, som vert halden i Addis Abeba sommaren 2015, der gjeldsrestrukturering er ein av seks hovudpillarar.
Det er altså tre prosessar i FN som Noreg er meir eller mindre involvert i kva gjeld gjeldsrestrukturering. Med tanke på målet om samstemt politikk bør Noreg tale med éi røyst i desse prosessane og jobbe for at arbeidet vert samla og munnar ut i éin ny mekanisme.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Internasjonalt arbeid med restrukturering av statsgjelda til utviklingsland har fått auka merksemd det siste halvåret. Det er særskilt rettssaka i New York om fordringane som enkelte private kreditorar har overfor Argentina, og krav om tilbakebetaling og likehandsaming, som har ført til at dette er sett på dagsordenen.
Saka har vist at gjeldssituasjonen til statar kan få globale følgjer dersom det internasjonale regelverket ikkje i tilstrekkeleg grad er i tråd med sentrale og vedtekne prinsipp for restrukturering. I verste fall kan dommen i New York føre til at långjevarar ikkje ønskjer å ta del i ordna, koordinerte gjeldsoperasjonar. Dette ville vere svært uheldig.
Gjennom resolusjonen om eit juridisk rammeverk for restrukturering av statsgjeld har dei såkalla G77-landa og Kina skapt eit handlingsrom for å drøfte manglane i det noverande systemet. Dette handlingsrommet er dessverre avgrensa. Nokre land meiner at det noverande systemet er meir eller mindre tilstrekkeleg, eller at ad hoc-løysingar fungerer godt nok.
Andre meiner at arbeidet med eit juridisk bindande rammeverk vil ha negativ innverknad på finansmarknadane. Tunge kreditorland ønskjer ikkje at det vert etablert nokon sjølvstendig internasjonal mekanisme for restrukturering av statsgjeld. Fleire av dei sentrale kreditorlanda ville truleg ha vore imot den vedtekne resolusjonen, nesten utan omsyn til ordlyd. For andre medverka ordlyden til at dei røysta imot.
Resolusjonen vart fremja med stort hastverk og utan nemneverdig konsultasjon. Delar av teksten var urealistisk. Långjevarane vart ikkje godt nok involverte i prosessen. Det fanst ikkje noko grunnlag for konsensus. Noreg valde derfor å avstå frå å røyste.
Noreg støttar arbeidet med å kome fram til eit meir omfattande rammeverk for restrukturering av statsgjeld enn det vi har i dag. Noreg vil medverke til å finne løysingar som kan lette situasjonen for land med meir gjeld enn dei kan handsame. Vi har inngått ein treårig avtale med FNs hovudorgan for handel og utvikling, UNCTAD, som har oppretta ei ekspertgruppe for dette føremålet.
Noreg har fått i oppgåve å førebu Finansiering for utvikling-konferansen i Addis Abeba i juli 2015. Her ønskjer Noreg å medverke til konsensus om ein framtidsretta utviklingsagenda. Vi vil vidareføre støtta til eit meir omfattande rammeverk for restrukturering. Noreg vil fremje eigne synspunkt, samstundes som vi vil arbeide for ein konsensusorientert prosess og eit konstruktivt forhandlingsklima.