Skriftlig spørsmål fra Tor Bremer (A) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:53 (2014-2015)
Innlevert: 14.10.2014
Sendt: 14.10.2014
Besvart: 22.10.2014 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Tor Bremer (A)

Spørsmål

Tor Bremer (A): I januar 2012 la regjeringa fram Stortingsmeldinga om Utdanning for velferd. Meldinga vart vedtatt i Stortinget i mai 2012. I denne Stortingsmeldinga vart det opna for at personar med fagbrev som helsefagarbeidarar skulle få søknadsrett til sjukepleiarutdanninga.
Kvifor er ikkje Stortingets vedtak satt ut i livet?

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Eg syner til spørsmål frå stortingsrepresentant Tor Bremer knytt til departementets oppfølging av Meld. St.13 (2011-2012) Utdanning for velferd. I meldinga låg det mellom anna eit tiltak om å gjennomføre forsøk med Y-vegstilbod for kandidatar med yrkesutdanning i helse- og sosialfag. Sjukepleiarutdanning var blant dei aktuelle studia til slike forsøk.
Sjukepleiarutdanninga må tilfredstille dei detaljerte krava i yrkeskvalifikasjonsdirektivet til EU. Etter Stortingets behandling av meldinga, har Kunnskapsdepartementet kome fram til at det ikkje er mogleg å godkjenne fritak for delar av sjukepleiarutdanninga med grunnlag i utdanning tatt på eit lågare nivå, slik det normalt vert gjort med Y-vegen. Eit slik opplegg ville ikkje gjeve autorisasjon som sjukepleiar.
Departementet arbeidar no med å etablere ein annan måte å organisere ein mogleg direkte overgang frå helsefagarbeidar til sjukepleiarutdanning på. Eg tek i første omgang sikte på å etablere eit forsøk med treterminordning etter mønster frå ingeniørutdanning. Det vil innebere at kandidatar med fagbrev som helsefagarbeidar kan takast opp til eit forkurs der dei får undervisning i dei reiskapsfaga som dei manglar frå vidaregåande opplæring. Kombinert med spesiell tilrettelegging det første studieåret og eventuell ekstra undervisning mellom det første og andre studieåret vil helsefagsarbeidarar kunne få ei utdanning i tråd med direktivet.
Departementet arbeider no med å finne relevante miljø som vil kunne leggje til rette for forsøk både for sjukepleiarutdanning og for andre helse- og sosialfag med grunnlag i relevant fagbrev, og håper at forsøka kan komme i gang i 2015.