Helge André Njåstad (FrP): Vil eit slikt støysonekart frå Avinor ha rettslig status for byggesaksbehandling i området eller skal dette vurderat på vanleg måte i kommunen sine regulering- og kommuneplanar før det ev. skal ha rettslig binding?
Begrunnelse
Avinor har utarbeida eit nytt flystøysonekart for Flesland som viser eit stort område som er berørt. Dette får svært store konsekvenser for spesielt bustadbygging i området. I eit avisinnlegg i Bergens Tidende blir eit brev frå fylkesmannen referert: "Vi viser til at den statlige støyretningslina T-1442/2012 skal leggast til grunn for all sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Det er difor viktig at kommunane allerede no nytter oppdatert støysonekart med prognoseåret 2030 saman med retningslina T-1442/2012 for sakshandsaming av saker etter plan- og bygningslova, uavhengig av innhaldet i kommuneplanen sin arealdel." Det synes strengt å alt no før man har gått gjennom ein ordinær planprosess å legge til grunn nye strengare støysonekart. Etter mitt syn må det gåast nye runder i ein planprosess der man kan vurdere korleis flyplassen sine behov blir stetta opp mot behovet for bustadutvikling i bydelen. Det bør også vurderast å sjå på andre forhold som raskare stigning etter "take off" for å redusere støy.