Liv Signe Navarsete (Sp): Vil regjeringa syte for at NVE får tilført tilstrekkeleg midlar til å gjennomføre dei førebyggjande tiltaka ein tilrår frå fagleg hald og slik redusere dei negative konsekvensane av uvershendingar i framtida?
Begrunnelse
Etter flommen som har råka fleire lokalsamfunn på vestlandet hardt dei siste dagane er det kome spørsmål om NVE vert sett i stand til å gjere ein tilstrekkeleg god jobb i å førebygge og redusere konsekvensane av flom og ras.
I media har NVE uttala at ein ikkje har meir pengar til å utføre viktige tiltak. I så måte er det bekymringsverdig og oppsiktsvekkjande å lesa i OEDs budsjettproposisjon at regjeringa kuttar i løyvingane til sikrings- og miljøtiltak med meir enn 8 millionar kroner.
Endringane me ser i klimaet tilseier derimot at slike hendingar vil inntreffe oftare enn før og med enno større kraft. Det går enorme verdiar tapt i desse hendingane, både for enkeltmenneske og deira familiar, kommunane og for landet vårt som heilskap. Menneske i usette område lever i frykt for kva neste flom eller ras kan kome til å rasere i deira heimar.