Per Olaf Lundteigen (Sp): Andelen sysselsette med utanlandsk bakgrunn varierer mellom ulike bransjar og i ulike yrkesgrupper.
Kan statsråden gje ei oversikt over andelen sysselsette med utanlandsk bakgrunn i ulike bransjar og yrkesgrupper, og korleis dette har endra seg det siste tiåret, altså frå 2004-2014?
Begrunnelse
Det er ønskjeleg at statsråden i svaret viser andel sysselsette med utanlandsk bakgrunn fordelt på næringshovudområde (bokstavnivå) og på fyrste nivå under bokstavnivå, jf. SSB sin næringsstandard og bruk av næringskodar. Vidare er det ønskjeleg at statsråden i svaret medverkar til å synleggjera yrke/bransjar der innslaget av sysselsette med utanlandsk bakgrunn skil seg mykje frå gjennomsnittet, slik at svaret gjev mest mogleg nyttig informasjon.