Liv Signe Navarsete (Sp): Kvifor vil ikkje Regjeringa vere med på dokumentet om atomvåpens humanitære konsekvensar som det vart forsøkt oppnådd einighet om i 16-landsgruppa, og som skal leggjast fram på tilsynskonferansen for ikkjespreiingsavtalen, og kva for formuleringar i dette dokumentet er det regjeringa ser på som problematiske?
Begrunnelse
Noreg spilte ein avgjerande rolle i å etablere 16-landsgruppa, som sidan 2012 har samarbeida om å fremje det humanitære initiativet på atomvåpen. 16-landsgruppa forsøkte å oppnå einigheit om eit dokument om det humanitære initiativet for framlegging på tilsynskonferansen, med sikte på å få innarbeida språk om Oslo-konferansen og det humanitære initiativet i tilsynskonferansens sluttdokument. Noreg og Danmark blokkerte like fullt einigheit om dette dokumentet, og det blir derfor lagt fram av dei andre landa i den opphavlege 16-landsgruppa.