Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:988 (2014-2015)
Innlevert: 15.05.2015
Sendt: 18.05.2015
Besvart: 22.05.2015 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for kva for marknader og kva for land ei eller fleire norske bedrifter har møtt nasjonale stengsler mot i dag, som dei vil få tilgang til som følgje av TISA-avtala?

Begrunnelse

I eit intervju med Dagsavisen 2. mai går statssekretær i utanriksdepartementet, Morten Høglund, til eit åtak på UNIO-leiar Anders Folkestad. Folkestad har kritisert regjeringa sitt hemmeleghald kring TISA-avtala.

Høglund hevdar at regjeringa har «søkt mer offentligheit enn noen annen regjering har gjort i en handelsavtaleprosess».

Samstundes gir Høglund inntrykk av at det ikkje finst noko ulemper med TISA-avtala for Noreg, berre fordelar.

Høglund uttaler mellom anna at «den norske tenestemarknaden er avgrensa. I staden for å møte nasjonale stengsler i utlandet, gir dette norske firma ein heilt annen tilgang til å tilby sine tenester på utanlandske marknader». Høglund uttalar også at Noreg er det landet som har aller mest å tene på TISA-avtala.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: TISA-forhandlingane spring ut av manglande framdrift i dei multilaterale forhandlingane i WTO (Doha-runden). WTO-ministrane opna i 2011 for alternative måtar å oppfylla Doha-mandatet. Global handel med tenester vert stadig viktigare. Det er behov for å tilpassa internasjonale reglar til den utviklinga som har skjedd sidan WTO-avtala om handel med tenester, GATS, vart ferdigforhandla i 1995. Ei gruppe land byrja våren 2012 å drøfte forhandling om ei avtale om handel med tenester. Etter at omlag 50 WTO-medlemmar vart samde om eit felles rammeverk, vedtok regjeringa Stoltenberg II våren 2013 at Noreg skulle ta del i forhandlingane om ei internasjonal avtale om handel med tenester (TISA). Regjeringa Solberg stadfesta hausten 2013 denne avgjerda.

Noreg jobbar for at norske tenesteleverandørar skal få lik behandling som nasjonale aktørar, når dei tilbyr tenester på ein utanlandsk marknad. I mange land opplever norske bedrifter at dette ikkje er tilfelle. Denne forskjellsbehandlinga er ulik i ulike sektorar og i ulike delmarknader. Maritim sektor, telekommunikasjon, energirelaterte tenester og finansielle tenester er prioriterte sektorar for Norge.

For Noreg er det viktigaste i TISA-forhandlingane å arbeida for at openheita som allereie gjeld i TISA-marknader vert avtalefesta. Noreg har i stor mon allereie avtalefesta vårt relativt opne regime i GATS. Slik er det ikkje i alle TISA-land. TISA vil gje norske bedrifter meir naudsyn førehandskunnskap og stabilitet om vilkåra for tilgang til desse marknadene. Dette vil gjera det mogleg å satsa seriøst, og på lang sikt, på einskilde marknader. Dessutan støtter Noreg initiativ til å fjerne dei unntaka for nasjonal behandling som finst i einskilde TISA-land og som er mest øydeleggjande i prioriterte norske einskildsektorar. Dette gjeld til dømes krav om lokal medeigar eller grense for utanlandsk eigarskap i tenestenæringar der etablering i marknaden er naudsynt. Ulikt den norske marknaden gjeld slike unntak i mange TISA-land, til dømes i Aust-Asia og Latin-Amerika, trass i at unntaka gjeld sektorar der det finst ein marknad og der det skjer handel internasjonalt.