Skriftlig spørsmål fra Gunhild Berge Stang (V) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1069 (2014-2015)
Innlevert: 03.06.2015
Sendt: 03.06.2015
Besvart: 10.06.2015 av forsvarsminister Ine M. Eriksen Søreide

Gunhild Berge Stang (V)

Spørsmål

Gunhild Berge Stang (V): Bør deltaking i politiske prosessar nasjonalt og lokalt vere gyldig grunnlag for permisjon frå øvingar i Heimevernet?

Begrunnelse

Det er viktig å kunne delta i politiske prosessar, det vere seg som folkevald eller politisk tilsatt nasjonalt og lokalt. Folkevalde og politiske sekretærar blir som andre kalla inn til årleg trening i heimevernet. Mot slutten av våren og hausten er det særlege hektiske periodar i landets folkevalde organ, både lokalt og nasjonalt, noko som kan gjere det krevjande å kombinere deltaking i politiske prosessar med å gjennomføre HV-trening. Det vil vere nyttig med ei klargjering av gjeldande praksis, og om kva statsråden meiner bør vere retningslinjene for å kunne kombinere sine plikter som folkevald eller politisk sekretær med sine plikter som soldat i Heimevernet.

Ine M. Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine M. Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortinget sin president av 3. juni i år med vedlagt spørsmål frå representanten Gunhild Berge Stang om fritak frå øvingar i Heimevernet i samband med politisk arbeid som folkevalt eller politisk tilsett.

Heimevernssoldatar kan få utsetting av teneste i fred når samfunnsinteresser eller vektige velferdsgrunnar krev det, jamfør heimevernsloven § 22. Forskrift til lov om Heimevernet punkt 69 gir føresegn om at det kan bli gitt fritak frå heimevernsteneste i fred når offentlege oppdrag eller verv gjer det vanskeleg å gjennomføra tenesta.

Det er opp til det enkelte heimevernsdistrikt å ta stilling til søknader om utsetting av heimevernsteneste. Det kan søkast om utsetting av heile tenesta, eller om tenestefri for enkelte dagar.

Om ho eller han som søker om utsetting av heimevernsteneste får godkjent slik utsetting, kjem an på grunngivinga til søkaren og tilhøva i dei respektive heimevernsdistrikta. Eit eventuelt avslag kan klagast inn for generalinspektøren for Heimevernet.

Det går dessutan fram av vernepliktsforskriften § 10-3 at kandidatar til stortingsval, fylkestingsval og kommuneval etter søknad skal gis utsetting med heimevernsteneste ein månad før valet og fram til og med valdagen.

Det rettslege grunnlaget for utsetting av heimevernsteneste legg difor godt til rette for at dei som har politiske verv kan få utsett tenesta når dette er naudsynt for å kunna ivareta vervet.