Fredric Holen Bjørdal (A): Vi ser fleire dømer på at regjeringa let vere å ta dei funksjonshemma sine organisasjonar med på råd i saker som angår dei. Til dømes då regjeringa sette ned utvalet som skulle diskutere dei utviklingshemma sine levekår, eller i arbeidet med ny handlingsplan for universell utforming.
Vil statsråden demonstrere at han tek FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne på alvor gjennom å love plass til organisasjonane i det komande utvalet som skal gå gjennom hjelpemiddelområdet?
Begrunnelse
Noreg ratifiserte i 2013 FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I konvensjonen kjem det tydeleg fram at dei funksjonshemma sine organisasjonar skal takast med i prosessen før avgjersler blir tekne i saker som er viktige for dei og angår dei.
Regjeringa har varsla i regjeringserklæringa at ho vil setje ned eit utval for å gå gjennom hjelpemiddelområdet. Dette bør vere eit høve til å snu ein uheldig trend med at dei funksjonshemma sine organisasjonar ikkje blir tekne med på råd.