Karin Andersen (SV): Kva vil statsråden gjere med at Næringsdepartementet setter lov om diskriminerings- og tilgjengelighetsloven (DTL) til sides, og med det tillet diskriminering av funksjonshemma passasjerar og slår beina under fylkeskommunen som har laga anbodskrav etter lov om DTL og gjer det slik at Norled i praksis følgjer Næringsdepartementet og ikkje Sjøfartsdirektoratet eller Fylkeskommunen som har halde fram at folk må kunne komme seg rundt ombord?
Begrunnelse
For ferjeanboda på Søre Sunnmøre har det frå lokalt hold og frå Norges Handikapforbund Nord Vest vore viktig at det skal vere fullverdig personheis og ikkje trappeheis i ferjene som skal settast inn i sambanda. Dette til liks med andre ferjer i fylket til dømes ferja til Smøla som har personheis, trappeheis og ledelinje med meir. Det er mange myndigheiter å forhalde seg til i slike saker. Likestillings og Diskrimineringsombodet LDO held fram at Lov om diskriminering og tilgjenge DTL skal følgjast. Møre og Romsdal Fylkeskommune har sagt at anbod skal vere universelt utforma om dei skal kunne godtakast. Difor må Norled, som er reiarlaget no ordne opp i alle brota (om lag 50 prosent)dei har på universell utforming.
Norled var i kontakt med Sjøfartsdirektoratet for der å prøve å få godkjent trappeheis i staden for personheis. Noko dei ikkje fikk. Men klageinstansen Næringsdepartementet oppheva Sjøfartsdirektoratets vedtak slik at Norled kunne bygge om ferja utan personheis. Dette gjorde at dei braut med anbodskrava stilt av Fylkeskommunen fordi Næringsdepartementet satt Lov om tilgjenge og diskriminering DTL tilsides. Næringsdepartementet oppheva et lovlig fatta vedtak i Sjøfartsdirektoratet og satte Norled på kant med Møre og Romsdal Fylkeskommune sine krav om tilgjenge i sine ferjeanbod.
Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal vedtok i 2009 at anbod på offentleg kommunikasjon i fylket skal vere universelt utforma og følgje dei retningslinene som gjeld. Til dømes IMO sitt rundskriv MSC 735 som gjeld passasjertrafikk til sjøs.
Samrøystes vedtak i Rådet for likestilling av funksjonshemma - 12.03.2015:
"Dei alvorlege brota som er avdekka på MF Kvam, i høve krava til universell utforming i Møre og Romsdal fylkeskommune, og spesielt i høve dei spesifikke krav under pkt. 4.7.12 i anbodskriteria for gjeldande samband og ferje, vil gjere det vanskeleg og til dels umogleg for personer med nedsett funksjonsevne å nytte ferja.
I tillegg er dette svært alvorlege brot, der anbodsvinnar har ført Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune bak lyset, samt gjennomført store anbodsavvik i høve andre anbodsdeltakarar.
Rådet for likestilling av funksjonshemma er glad for dei kontrollane som er gjennomført. Med bakgrunn i dei svært alvorlege brota som rapporten visar er avdekka på MF Kvam ber rådet samferdselsavdelinga/samferdselsutvalet i fylkeskommunen krevje at Norled sett inn ferje som støttar krava til universell utforming på gjeldande samband. Alternativt må sambandet gå til neste anbydar på resultatlista eller anbodet annullerast og ny anbodsrunde gjennomførast.
Rådet vil følgje denne saka og framtidige saker nøye då vi ser dette som svært viktig for samferdsla i fylket."