Jenny Klinge (Sp): Norske verft er heilt i toppen kva gjeld design, teknologi og kvalitet på skipa. I tillegg viser erfaringane at dei leverer på dato og til avtalt pris. Det bør vera ein målsetnad at det planlagde kystvaktskipet blir bygd ved eit norsk verft.
Vil Regjeringa gjennomføre tiltak og setje krav som, innanfor konkurransereglane, aukar sjansane monaleg for at det planlagde kystvaktskipet og framtidige forsvarsskip blir bygde i Noreg, på same måte som andre Nato-land byggjer sine skip heime?
Begrunnelse
Det er mange fordeler ved at norske kystvaktskip og andre forsvarsskip blir bygde i Noreg av norske verft. Ein tek vare på og styrker arbeidsplassar langs kysten. No som vi står overfor nedgangstider i verftsindustrien, er dette særleg viktig. Vidare er det snakk om å bevare og utvikle kompetanse i toppklassen, og sikre framtida til verfta og til vedlikehaldet av skipa.
Det finst fleire norske verft som vil vera i stand til på ta på seg oppdraget med å byggje eit nytt kystvaktskip og andre forsvarsskip. Såleis vil det vera reell konkurranse sjølv om anbodet blir utlyst berre i Noreg, eller med kravsspesifikasjonar som norske verft har lettare for å møte enn utanlandske. Det vil framleis vera mogleg å ivareta norske forsvars- og samfunnsinteresser gjennom atterhald og spesielle vilkår dersom anbodet blir lyst ut internasjonalt. Tyskland og andre samarbeidsland krev til dømes at all dokumentasjon skal vera utforma på deira eige språk, og at alle forhandlingar skal gå føre seg på det aktuelle språket.
Ein kan sjå for seg to ulike måtar å gjera dette på:
1. Oppdraget blir skjerma for norske verft (arbeidsplassar, kompetanse, service/vedlikehald/oppfølging, rask levering av reservedelar, nasjonal sikkerheit, etc.)
2. Oppdraget blir lyst ut internasjonalt med spesielle vilkår (krav til norsk språk, krav til reell HMS/etiske retningslinjer osb. Tilsvarande krav til norske verft samt dokumentert historikk frå dei siste åra, krav til levetidskostnader, krav til erfaring frå å byggje skip for dei heilt spesielle farvatna her til lands, krav til framtidig service/vedlikehald ved norske samarbeidsverft, osb.). Det viktige er at det må vera reelle konkurranseforhold, men det er mogleg å få til.