Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1336 (2014-2015) Innlevert: 21.08.2015 Sendt: 24.08.2015 Besvart: 27.08.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
Per Olaf Lundteigen (Sp): Viser til at det er ulike aldersgrenser for opphøyr av drosjeløyve og kor lenge ein køyresetel er gyldig, jf. høvesvis yrkestransportforskrifta § 52 og yrkestransportlova § 37 a. Berre sjølvstendig næringsdrivande kan disponera drosjeløyve.Kvifor er ikkje aldersgrensene som vist til ovanfor like?
Ketil Solvik-Olsen: Aldersgrensa for å ha drosjeløyve er 70 år etter § 9, andre ledd i yrkestransportlova. Ordninga med aldersgrense for drosjeløyve må sjåast i samanheng med at slike løyve er behovsprøvt.Det er såleis løyvestyresmakta som fastset talet på slike løyver i løyvedistriktet. Som følgje av behovsprøvinga skal ledige drosjeløyve lysast ut og søkjarane vil såleis vere konkurrentar om det same løyvet. Etter regelverket skal søkjarane rangerast etter kor lang tid dei har vore heiltidssjåfør på drosje i løyvedistriktet. Høvet til sjølv å kunne få løyve er oppfatta som eit insentiv for å ta arbeid som drosjesjåfør. Rekruttering av sjåførar er viktig for å sikre publikum eit godt drosjetilbod. Så lenge drosjeløyve er behovsprøvt og løyva ikkje er tidsavgrensa, er difor aldersgrensa eit element som fører til sirkulasjon av løyva. Heving eller fjerning av aldersgrensene innafor gjeldande løyvesystem, vil følgjeleg gjere vegen til eige løyve lengre for sjåførar som vil satse på sjåføryrket.Ordninga med krav til køyresetel for sjåfør i offentleg persontransport skal vareta andre omsyn, nemleg å sikre brukarane av offentleg transport ein trygg og sikker transport. Bakgrunnen for heving av aldersgrensa for køyresetel frå 70 til 75 år, var at den generelle helsetilstanden for den eldre delen av befolkninga var blitt betre slik at helsestyresmaktene fann det forsvarleg å kunne heve aldersgrensa.Departementet arbeider med ein gjennomgang av drosjereguleringa, men det er for tidleg å seie om dette vil kunne gi endringar i aldersgrensa for løyve.