Ingrid Heggø (A): Om lag 100 tilsette ved Norway Seafoods i Stamsund har vore utan arbeid i 50-60 dagar i år, grunna mangel på råstoff. I fjølge Fiskeribladet Fiskaren er dei no permittert på ubestemt tid. Det blir difor stilt spørsmål ved leveringsplikta selskapet har (Havfisk/Norway Seafoods).
Kor liten aktivitet kan det være ved anlegget før eigarane bryt aktivitetsplikta, og korleis definerer ministeren eigarane?
Begrunnelse
Hjørnesteinsbedriften Norway Seafoods i Stamsund har no stått stille i halve 2015, grunna mangel på råstoff. Selskapet vart splitta i 2012, men det vart då slått fast at leveringsplikta fortsatt låg i selskapet. I fjølge Fiskeribladet Fiskaren frys Havfisk mesteparten av fisken om bord for salg både til norske og utanlandske kunder via fryselager. Norway Seafoods, som driv på land, satsar på ferske produkt. Resultata viser at Havfisk går med overskot mens Norway Seafoods går med underskot. Det blir no stilt spørsmål, blant anna frå tillitsvalte, om intensjonen med dei ordningane som fins er oppfylte.