Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:75 (2015-2016)
Innlevert: 16.10.2015
Sendt: 16.10.2015
Besvart: 23.10.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for kva som er det faglige grunnlaget for å kategorisere barrieklutar/hudfilmklutar som vaskeprodukt og ikkje som førebyggjande behandlingsprodukt mot utvikling av irritasjonsdermatitt, og kan statsråden gjere greie for kor mange pasientar som brukar slike produkt og i dag og for kva diagnose?

Begrunnelse

Viser til Prop.1S, statsbudsjettet for helse- og omsorgsdepartementet. På side 214 står kuttet på 30 millionar på medisinsk forbruksmateriell omtalt. Det vert føreslått at såkalla barriereklutar/hudfilmklutar ikkje lenger skal dekkast av blåreseptordninga og at produktgruppa fjernast frå produkt- og prislistene for inkontinens og stomi. Begrunnelsen er at produkta først og fremst vert nytta som vaskeprodukt.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: HELFO er i gang med å gå gjennom dei største produktområda under § 5 i blåreseptforskrifta om medisinsk forbruksmateriell. Føremålet er å sikre rett prioritering og god kostnadskontroll. Forslaget om å ta barriereklutar ut av blåreseptordninga byggjer på delrapport 3 frå HELFO om stomiområdet. Ifølgje rapporten er det er ein stor risiko for at barriere-/hudfilmklutar vert nytta til vask og ikkje i hovudsak som eit barriereprodukt, som er føremålet med produkta og grunnen til at dei har vore ført opp i produkt- og prislistene. Denne omtalen byggjer på innspel frå fagråd og anna helsepersonell, marknadsføring av desse produkta og ikkje minst at dei er utforma som vaskeklutar. Produkt nytta til vask fell ikkje inn under folketrygdloven sitt føremål.
Størstedelen av forbruket av desse produkta er knytta til inkontinens (94 %) med omlag 30 500 unike brukarar siste tolv månader. For stomi var det i overkant av 1 100 brukarar som tok ut desse produkta i same tidsrom.
Barriereklutar har også ein betrakteleg høgare kostnad enn andre produkt til same føremål. Det er fleire produkt i blåreseptordninga til same føremål: å behandle irritasjonsdermatitt for personar med inkontinens og å beskytte og behandle huda for stomiinnhold og kleberar, for personar med stomi.
Fjerning av barriereklutar fører derfor ikkje nødvendigvis til at personar med inkontinens og stomi får ekstra utgifter. Det vil fortsatt vere eit stort utval av barriereprodukt både i produkt- og prislista for stomi og i produkt- og prislista for inkontinens som ikkje blir fjerna. Forslaget inneber dermed ikkje at personar med inkontinens og stomi vil miste retten til barriereprodukt på blå resept. Det vert kun gjort ei justering i kva type produkt som er tilgjengelege for brukarane i blåreseptordninga. Brukarar med stomi og inkontinens vil fortsatt få dekka utgiftene sine til produkt dei treng dagleg.