Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:156 (2015-2016)
Innlevert: 05.11.2015
Sendt: 05.11.2015
Besvart: 13.11.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden klargjere om politiet i dag stoppar nokon langs Noreg si grense til Russland, eller blir alle som ønskjer det gitt innreise inn til Noreg der deira søknad om asyl blir handsama, og kva for regelverk og tilhøyrande konkrete paragrafar er det som eventuelt hindrar regjeringa i å innføre visumplikt for innreise inn til Noreg frå Russland?

Begrunnelse

Tysdag 20. oktober melde mellom anna TV2 at justisministeren hadde send ut ein ny instruks til UDI. TV2 melde at grunna returavtalen Noreg har med Russland frå 2007, kan asylsøkarane som har opphaldsløyve i Russland bli sendt rett tilbake allereie ved grensa.
Til TV2 uttalte justisministeren at «Vi har registrert at fleire av dei som kjem no, har ei sterk tilknyting til Russland gjennom dobbelt statsborgarskap, opphaldsløyve eller visum. Det er viktig at norske styresmakter sender eit tydelig signal til personar som ikkje har behov for beskyttelse eller som allereie har lovleg opphald i Russland».
NRK kunne like fullt onsdag 21. oktober melde at det er blitt så å seie umogleg å returnere asylsøkjarar med russisk opphaldsløyve etter at Russland byrja å utvise asylsøkjarar for å hindre at Noreg sender dei tilbake over grensa i Finnmark.
Russland har, på same måte som Noreg, underskrive både FN sin flyktningkonvensjon og Den europeiske menneskerettserklæringa, og har dermed underlagt seg same forpliktingar som Noreg på dette området.
Ifølgje oppslag i media har det så langt i år kome meir enn 3 000 migrantar over grensa frå Russland. Nær 6 av ti personar som kom over grensa sist veke er oppgjeve å kome frå Afghanistan, fleire av desse har opphalde i Russland i lengre tid. Aftenposten skriv på leiarplass onsdag 4. november at fleire av dei som kjem frå Russland og søkjer asyl, snakker godt russisk. Måndag 2. november meldte politiet i Aust-Finnmark om nok ein ny dagsrekord i talet på asylsøkjarar og migrantar som reiste over grensa frå Russland og inn til Noreg. Denne dagen kom det 174 asylsøkjarar og migrantar frå Russland over den norsk-russiske grensa ved Storskog.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Personene som nå kommer til Norge via den norsk-russiske grensen, kommer alle fra land som ikke har visumfrihetsavtale med Norge. Dette betyr at personene som utgangspunkt ikke har adgang til å reise inn i Norge uten gyldig visum. Norsk grensepoliti på Storskog bortviser personer som på norsk grense ikke har gyldig innreisevisum og heller ikke har annet grunnlag for å kunne oppholde seg i Norge.
Personer som på norsk grense anfører et beskyttelsesbehov har imidlertid etter utlendingslovens §§ 9 og 28, og etter internasjonale konvensjoner Norge er bundet av, rett til å reise inn i Norge og få sin søknad om beskyttelse vurdert her.
Utlendingsdirektoratet er pålagt å hastebehandle alle søknader fra personer som kommer via Russland og der søknadene ligger an til å bli avslått. Dette vil blant annet være tilfellet for mange av de afghanerne som nå kommer til Norge. Etter avslag skal søkere som kommer via Russland returneres raskt, enten til Russland eller til sitt opprinnelsesland.