Sveinung Rotevatn (V): Vil EU-domstolen si avgjersle av 22. oktober om å frita omsetnad av kryptovalutaen bitcoin for meirverdiavgift få konsekvensar for tilsvarande avgiftsregime i Noreg?
Begrunnelse
Kjøp og sal av bitcoin er gjenstand for meirverdiavgift i Noreg. Kjøp og sal av gyldige betalingsmiddel og finansielle instrument som aksjar er derimot unnateke slik avgift.
Det har fram til no vore ulik praksis i europeiske land når det kjem til mva og omsetnad av bitcoin. I si "preliminary ruling" av 22. oktober slår EU-domstolen fast at omsetnad av bitcoin skal reknast inn under unnataka i mva-direktivet, slik at det ikkje må betalast mva for slike transaksjonar. Sjølv om avgjersla og direktivet ikkje påverkar det norske regelverket direkte, er det interessant å høyre regjeringa si vurdering av konsekvensane for Noreg, og om vi er tent med å ha eit anna mva-regime på dette feltet enn resten av EØS-området.