Kjersti Toppe (Sp): Kva vil statsråden gjere for å sikre ei positiv og god fagleg utvikling av dei prehospitale tenestene, og meiner statsråden at kutt i ambulansetenesta ved Nordlandssykehuset og parkerte ambulansar i Helse Bergen er ein del av slik forsvarleg og ønska utvikling?
Begrunnelse
Ambulansetillitsvalgte, lokalpolitikarar og innbyggarar har reagert over heile landet på foreslåtte og vedtatte kutt i ambulansetenesta ved både Nordlandssykehuset og Helse Bergen. NRK Hordaland kan den 7/1-16 fortelje at på tre månadar har 107 ambulansar stått ubemanna for å spare pengar i Helse Bergen. Akuttmedisinsk avdeling er i 2016 nøydd til å spare 10 millionar. Avdelingssjef ved akuttmedisinsk avdeling meiner situasjonen ikkje kan tålast på sikt, men så langt har ikkje parkerte ambulansar skapt problem. Kutta vil gå hardast ut over dagpasientar som skal bli flytta for eksempel frå sjukehus til sjukeheim.