Lene Vågslid (A): Kva ligg i utgreiinga som Politidirektoratet (POD) har iverksatt for alternative modellar for organiseringa av barnehusa, kva er mandatet, formålet og bakgrunnen for utgreiinga, kven deltar i gruppa som foretar utgreiinga, og er dette ei bestilling frå Justis- og beredskapsdepartementet?
Begrunnelse
12. januar melde NRK Sogn og Fjordane at Politidirektoratet «vil starte ei utgreiing for å sjå på alternative modellar for organisering av Barnehusa, som kan gi eit betre tilbod ute i distrikta» , sitat leiar for seksjonen for kriminalitetsbekjempelse i Politidirektoratet, Astrid Borge.
Borge seier vidare at:
«dette med ressursbruken til politiet vil vere eitt moment» og påpeiker at «i tillegg til belastninga for barna, er det knytt store ressursar opp til kvar reise til Bergen eller Ålesund. 6 til 8 vaksne, som følgje til barnet, bistandsadvokat, personar frå påtalemakta, barnevern og etterforskinga brukar timar i bil.»
Borges uttalelser står i sterk motsetning til evalueringane av barnehusa som har vist at det ikkje oppleves som ei belastning for barna at dei må reise. Derimot er det kjent at enkelte vaksne oppfattar reisa som ei utfordring. Hensynet til kvaliteten i tilbodet ved barnehusa blir heller ikkje trukke fram av Borge som representerer Politidirektoratet i saka.