Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kulturministeren

Dokument nr. 15:657 (2015-2016)
Innlevert: 22.02.2016
Sendt: 22.02.2016
Besvart: 29.02.2016 av kulturminister Linda Hofstad Helleland

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til at dåverande kulturminister Widvey fekk overlevert NOU 2014:2, Lik og likskap, 3.mars 2014.
Når, og korleis, kjem regjeringa til å følgje opp denne utgreiinga om betaling for kremasjon, gravlegging og grav?

Linda Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda Hofstad Helleland: Lae-utvalet gjer i NOU 2014: 2 Lik og likskap framlegg om fleire endringar i gravferdsavgiftssystemet. Forslaga inneber avvikling av brukerbetaling og større likskap mellom kremasjon med urnenedsetting og kistegravlegging. Utvalet gjer mellom anna framlegg om å oppheve heimelen til å krevje kremasjonsavgift og gje alle rett til grav fri for betaling dei første 20 åra etter kvar gravlegging, uansett om grava er leigd eller tilvist. Retten til fri grav skal også gjelde utanfor kommunen ein er busett i. Ein gjer framlegg om at gravplassforvaltninga skal bli kompensert for inntektstapa gjennom rammeoverføringar til kommunane. Utvalet har rekna dei årlege, samla kostnadane til å utgjere 104,3 mill. kroner, der eit bortfall av heimlane til å krevje brukerbetaling for gravleige i dei første 20 åra har ei kostnadsrame på 47 mill. kroner og eit bortfall av heimelen til å krevje kremasjonsavgift har ei kostnadsrame på 40 mill. kroner.
Gravferdslova stadfester i dag at kommunen fastsett avgifter for kremasjon og gravleige etter forslag fra kyrkjeleg fellesråd som gravplassforvaltning. Avgiftene blir slik fastsett lokalt, ut frå kva kommunen og gravplassforvaltninga finn rimeleg og forsvarleg. Utvalet opplyser at gjennomsnittleg gravleige for kistegraver var 177 kroner pr. år i 2013. Satsane varierer, i likskap med lengden på leigeperioden. Gravleiga er ei viktig kjelde til inntekter for gravplassforvaltninga.
Fleire av forslaga frå Lae-utvalet er grunngjeve godt og dei fekk stor støtte i høyringsrunden. Blant anna blei det peika på at det ikkje var lett for folk å forstå at ein må betale for gravlegging i leigd grav, men ikkje i ny tilvist grav. Høyringsinstansane satte likevel eit klart vilkår om at gravplassforvaltninga måtte bli kompensert fullt ut for inntektstapa som ville følgje ved bortfall av heimelane til å krevje brukerbetaling.
Ved behandlinga av Innst. 111 L (2015-2016), jf. Prop. 12 L (2015-2016), ba Stortinget regjeringa om å "komme tilbake til Stortinget med forslag til et nytt finansieringssystem for tros- og livsssynssamfunn, sett i lys av endringer i Den norske kirke og prinsippet om likebehandling." I Prop. 55 L (2015-2016) er det meddelt at departementet "[e]tter at den foreslåtte forvaltningsreformen [omdanning av Den norske kyrkja til eit eige rettssubjekt m.m.] er gjennomført" vil følgje opp denne oppmodinga frå Stortinget i arbeidet med heilskapleg lov for alle trus- og livssynsamfunn, der ein mellom anna samla skal sjå på lovgjeving og ulike former for finansiering. Sidan hovudregelen er at gravplassforvaltninga ligg til kyrkjeleg fellesråd vil det vere naturleg at også finansieringa av denne inngår i ein slik samla gjennomgang.