Jenny Klinge (Sp): Kor mykje vil det koste å opprette ei førstelineteneste med gratis rettshjelp i alle kommunane i landet, sett i forhold til den rettshjelpsordninga vi har i dag?
Begrunnelse
Rettshjelp er eit grunnleggjande velferdsgode som skal bidra til å sikre rettssikkerheita for alle, uavhengig av økonomisk og sosial status, bakgrunn og geografisk tilhøyrsle. Rettshjelpsordninga i dag når ikkje ut til alle som treng ho. Rettshjelpsdekninga i Noreg har vorte kritisert av FN sin menneskerettskomité, FN sin torturkomité, og Den europeiske menneskerettsdomstolen.
Som ei følgje av St.meld.nr.26 (2008-2009) og Stortinget si behandling av denne, vart det i perioden 2010-2012 gjennomført eit forsøksprosjekt med gratis førstelinerettshjelp. Prosjektet vart svært vellukka, mellom anna fordi det "åpenbart [dekket] et nokså omfattende behov for rettshjelp som ellers ikke hadde blitt dekket". Sjølv om førstelinetenesta var tilgjengeleg for alle, viste det seg å vere eit kostnadseffektivt og konfliktdempande tiltak.
Finland har gratis førstelinerettshjelp som ei permanent ordning, og brukar mindre pengar på rettshjelp enn vi gjer i Noreg. Dei yter altså meir rettshjelp for mindre pengar.