Ingrid Heggø (A): Stortinget har vedteke at det skal settast ned ein kommisjon som skal sjå på dei tre leveringspliktene i torskefiskeria.
Når vert kommisjonen nedsett og kan ministeren garantere for at kommisjonen vert samansett slik at bestillinga frå Stortinget vert ivareteke og det innan tidsfristen?
Begrunnelse
Stortinget gjekk imot regjeringa sitt framlegg i sjømatindustriutvalget om å regionalisere leveringsplikta, avvikle bearbeidingsplikta og la ein kommisjon komme med framlegg til korleis aktivitetsplikta kunne avviklast. Stortinget vedtok 5. april at alle dei tre pliktene; leveringsplikt, bearbeidingsplikt og aktivitetsplikt, skulle inn i ein kommisjon med eit heilt anna og breiare mandat enn regjeringa sitt framlegg. Stortinget viste til at kommisjonen skal komme med sine tilrådingar og konsekvensutredningar i løpet av hausten 2016. Dette er ei omfattande sak og eg hadde venta at kommisjonen var nedsett for lenge sidan og i fullt arbeid. Denne manglande handlekrafta kan fort medføre at kommisjonen ikkje kan levere tidsnok, eventuelt at det går på bekostning av bestillingen der ikkje alle sider og konsekvensar vert belyst.