Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1216 (2015-2016)
Innlevert: 02.06.2016
Sendt: 03.06.2016
Besvart: 10.06.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva har blitt gjort for å harmonisere aldersgrensene på tvers av sektorar i arbeidslivet, og når kan Stortinget vente ei sak som sørgjer for at fleire som ønskjer det kan stå lenger i arbeid?

Begrunnelse

I Innst. 2017 L (2014-2015) skreiv komitéfleirtalet følgjande:

"Flertallet mener det må være et mål at også særaldersgrenser heves. For staten er aldersgrenser regulert i lov om aldersgrenser for offentlige tjenestemenn m.fl. (aldersgrenseloven), som blant annet gir hjemmel for lovfesting av særaldersgrenser i ulike sektorer. Flertallet ber regjeringen utrede hvordan også disse aldersgrensene kan heves, og ber om at saken drøftes med partene i arbeidslivet. Videre viser flertallet til at en rekke aldersgrenser i kommunal og fylkeskommunal sektor er fastsatt i tariffavtale, og at endringer i disse krever forhandlinger mellom KS og hovedsammenslutningene.

Flertallet viser til at den alminnelige aldersgrensen i lov om aldersgrenser for offentlige tjenestemenn mfl. er 70 år. Flertallet er opptatt av at regjeringen fortsetter gjennomføringen av pensjonsreformen i både privat og offentlig sektor. Dette innebærer blant annet at man sammen med partene i arbeidslivet finner løsninger som reduserer forskjellene mellom pensjonssystemene i privat og offentlig sektor, herunder også å harmonisere aldersgrensene i aldersgrenseloven og arbeidsmiljøloven".

Det har no gått over eitt år sidan Stortinget bad regjeringa setje i gong denne prosessen. Det er på høg tid at det kjem ei sak som legg til rette for at fleire som ønskjer det får høve til stå lenger i arbeid, og at vi kan få likare reglar på tvers av ulike sektorar.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Regjeringa ønskjer at fleire skal stå lenger i arbeid. Ho vil derfor blant anna gå gjennom alle lovbestemte aldersgrenser i arbeidslivet i samråd med partane. Øvre aldersgrense i arbeidsmiljølova er frå 1. juli 2015 etter forslag frå Regjeringa auka frå 70 til 72 år. Arbeidsgjevarar kan no heller ikkje lenger fastsetje lågare aldersgrense enn 70 år utan at dette er grunna i omsyn til helse og tryggleik. Arbeids- og sosialdepartementet har og sett ned eit utval som skal vurdere tilpassingar i arbeidslivet med sikte på å kunne ytterligare heve eller fjerne alders-grensa i arbeidsmiljølova.

Aldersgrenser er nært knytt til alderspensjon: aldersgrenselova gjeld for medlem av Statens pensjonskasse som og har rett på alderspensjon frå Statens pensjonskasse. Pensjonsreformas hovudgrep har vore å endre alderspensjonsreglane slik at aukande levealder kan møtast med forlenga yrkesliv. Alderspensjon frå folketrygda er lagt om på ein slik måte at han er godt tilpassa forlenga yrkesliv. Alderspensjon frå Statens pensjonskasse og andre offentlege tenestepensjonsordningar er i liten grad tilpassa pensjonsreforma. Regjeringa ønskjer at pensjonsreforma og skal gjennomføras for offentleg tenestepensjon. Dagens reglar gjer det lite lønnsamt å stå lenge i arbeid. AFP i offentleg sektor gjer i dag at for mange sluttar før 67 år. I tillegg gjer dagens reglar for offentleg tenestepensjon at mange kan få lågare tenestepensjon dersom dei fortsett i jobb etter 67 år. For å lykkast med å få fleire til å stå lenger i arbeid, meiner eg difor at dagens pensjonsordningar for offentleg tilsette må leggjast om. Regjeringa har difor prioritert arbeidet med offentleg tenestepensjon. Arbeids- og sosialdepartementet har på den bakgrunn skrive ein rapport om nye pensjonsordningar for offentleg tilsette, der partane i arbeidslivet har hatt høve til å kommentere utkast til rapporten. I tida etter at rapporten blei lagd fram har det vore kontakt mellom regjeringa og partane i arbeidslivet for å avklare vidare prosess med arbeidet om å leggje om pensjonsordningane for offentleg tilsette. Det er så langt ikkje oppnådd semje om korleis den vidare prosessen skal vere.

Dagens reglar om aldersgrenser harmonerer dårleg med intensjonen om at aukande levealder skal svaras på med forlenga yrkesliv. Dette gjeld særleg for aldersgrensene som er lågare enn 70 år, dei såkalla særaldersgrensene. Reglane for pensjon til personer som har lågare alders-grense enn 70 år i dag er nært knytt til dei ordinære reglane. Eg meiner det vil vere uheldig dersom man no skulle endre på dagens aldersgrenser, medan man avklarar vidare prosess om tenestepensjonsordningane.

Regjeringa skal gå gjennom dei lovfesta aldersgrensene for å leggje til rette for at eldre skal kunne stå lenger i arbeidslivet og for å harmoniserer aldersgrensene i aldersgrenselova og arbeidsmiljølova, i tråd med Sundvolden-erklæringa og komitéfleirtalet si merknad i Innst. 207 L (2014–2015). Dette arbeidet kan likevel ikkje skje uavhengig av arbeidet med offentlig tenestepensjon. Fordi prosessen med nye offentleg tenestepensjon på noverande tidspunkt ikkje er avklart, kan eg ikkje no seie noko nærare om når eg vil leggje fram ei sak om dette for Stortinget.