Kjersti Toppe (Sp): Sykehuset Telemark HF har mottatt endeleg rapport frå Fylkeslegen i Telemark, som konstaterer fleire svært alvorlege lovbrot.
Vil statsråden instruere Helse Sør Øst om å gjennomføre nødvendige utskiftingar i statens styrerepresentantar i styret i Sykehuset Telemark HF, slik at Fylkeslegens rapport får ein naturleg konsekvens for dei som ikkje har gjort ein god nok jobb?
Begrunnelse
Sykehuset Telemark HF har mottatt endeleg rapport frå Fylkesmannen i Telemark, som konkluderer med lovbrot: Pasientbelegget er uforsvarleg høgt på to sengepostar, føretaket sikrar ikkje forsvarleg bemanning og pasientar som blir lagt på andre sengepostar enn dei skulle vore, får ikkje forsvarleg oppfølging. Fylkeslegen skildrar avvika som svært alvorlege, som kan få store konsekvensar for pasientane.
Tilsynet starta etter at Fylkesmannen i Telemark fekk skriftleg varsling frå føretakstillitsvalde for Yngre Legers Forening (YLF) i Telemark. Saka si alvorlegheitsgrad blei etter kvart tydeleg, og det blei understreka blant anna av fleire saker med alvorlege komplikasjonar i pasientbehandlinga ved Sykehuset Telemark HF i Skien i løpet av 2015. Det vart blant anna meldt 3 saker med dødsfall i Kirurgisk klinikk, dessutan vart det meldt om ein alvorleg hending i Medisinsk klinikk som nesten enda med dødsfall. I alle dei fire sakene blei det konstatert uforsvarlege pasientbehandling, og i alle fire sakene var det indikasjonar på at saken hadde samanheng med høgt pasientbelegg og stor arbeidsmengde for personalet.
Spørsmålsstillar meiner at denne rapporten må få konsekvensar for dei ansvarlege.