Jenny Klinge (Sp): Meiner justisministeren at intensjonen til fleirtalet i justiskomiteen er tilstrekkeleg ivareteken når dei enkelte kommunane ikkje får delta i styringsgruppene som skal arbeide med tenestestadsstruktur i politiet, og viss ikkje, kva vil han gjera for å sikre kommunane deltaking i desse gruppene?
Begrunnelse
Sjølv om ikkje Senterpartiet var einig i den politireforma som vart vedteken, er vi svært opptekne av at resultatet blir så godt som mogleg innanfor dei rammene som no er sett. Regjeringa har lova kommunane deltaking i prosessane, då må også denne deltakinga vera reell. Å gjera alle til lags når det er bestemt på førehand at det skal gjennomførast ei massiv nedlegging av lensmannskontor vil vera praktisk talt umogleg. At politimeistrane lyttar til dei kommunane som blir påverka av nedleggingane må likevel vera eit minstekrav. Kommunane må også kunne påverke utfallet med relevante innspel. Det er dessverre allereie no grunn til å stille spørsmål ved kor reell kommunane si deltaking vil bli.
I Innst. 307 L (2014-2015), jf. innst. 306 S (2014–2015) la fleirtalet i justiskomiteen føringar for korleis prosessen ved endringar skulle gjennomførast. Det vart lagt opp til at kommunane skulle ha rett til å uttale seg om spørsmåla. Det skulle opprettast ei styringsgruppe som mellom anna skulle utforme mandat for arbeidet med endringsprosessen, gje føringar og bidra til gjennomføringa, og i tillegg gje skriftleg tilråding om struktur for tenestestad til politimeisteren. Vidare seier merknadene at «Styringsgruppen ledes av politiet og skal som et minimum bestå av representanter for politimesteren og ha representasjon fra de berørte kommunene."
Dei prosessane som er sett i gong av politimeistrane rundt om i landet speglar ikkje den reforma som Regjeringa har lova og som stortingsfleirtalet har røysta for. No ser vi at føringane frå fleirtalet i justiskomiteen blir tolka på ein slik måte at dei enkelte kommunane ikkje får delta i styringsgruppene. Dette er tilfellet mellom anna i Telemark, der berre ein representant frå kvart regionråd er invitert til å sitje i styringsgruppa. Berre fire av 18 kommunar i Telemark får då vera med i styringsgruppa. Dette vil seie at fleirtalet av kommunane står utan ein representant som kan fremje deira lokale synspunkt og vurderingar i styringsgruppa. Regjeringa har gjeve eit heilt anna inntrykk overfor Stortinget og media når dei har snakka om lokal forankring og at dei einskilde kommunane skal få noko å seie i prosessen.
Eg meiner at måten prosessen no blir gjennomført på, er urovekkjande. Det er klart at dei einskilde kommunane ofte vil ha ulike synspunkt på kvar desse tenestestadane skal liggje. Plasseringa av lensmannskontora betyr mykje for dei som bur lokalt og som kan risikere å miste lensmannskontora sine. Det er dei enkelte kommunane som best kjenner til lokale behov og utfordringar. Vi ønskjer at avgjerdene skal byggje på best mogleg grunnlag. Å ha alle kommunar, med sine ulike interesser, representerte i styringsgruppene er derfor heilt sentralt viss Regjeringa skal følgje opp sine eigne lovnader om lokalt medeigarskap.