Liv Signe Navarsete (Sp): Kva heimel har politiet sine operasjonssentralar for å kalle ut det kommunale brannvesen i distrikts-Norge til reine politioppdrag fordi det vil ta uforsvarlig lang tid før politiet kjem fram, og kven skal betale når brannvesenet rykkjer ut for å løyse oppgåver som er politiet sitt ansvar?
Begrunnelse
I brev av 13.04.2015 frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har landets kommunale brann- og redningsvesen og 110-sentralar fått tilsendt ”Nasjonal prosedyre for nødetatenes samvirke ved pågående livstruende vold” (PLIVO).
Prosedyren er ikkje sendt kommunane sin arbeidsgjevarorganisasjon KS for uttale og er heller ikkje sendt til kommunane ved rådmann/ordførar som er vanleg praksis for kontakt mellom statlege etatar og kommunane.
I Høyanger kommune vart brannvesenet 01.08.2016 kalla ut til ei livstruande hending med knivstikking. Brannvesenet fekk avklara situasjonen og politipatruljen kom først etter nær 50 min.
Både lensmannen og det lokale brannvesenet utrykkjer uro og bekymring for dette.