Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til barne- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:5 (2016-2017)
Innlevert: 03.10.2016
Sendt: 04.10.2016
Besvart: 10.10.2016 av barne- og likestillingsminister Solveig Horne

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Er det dokumentert kvalitetsforskjellar i tilbodet som offentlege, private og ideelle barnevernsinstitusjonar gir, kva kan eventuelt gjerast for å sikre eit like godt tilbod hos alle aktørane, og har statsråden vurdert å avgrense høvet private aktørar har for å ta ut utbyte?

Begrunnelse

Dei private barnevernsinstitusjonane har ein annan fleksibilitet enn dei offentlege når det gjeld løns- og arbeidstilhøve. Mellom anna har dei eit konkurransefortrinn når det gjeld turnusordningar, sidan det offentlege ikkje kan bruke «medleverturnus». Eg ser positivt på mangfald i barnevernstenestene, og Senterpartiet er særleg opptekne av å gi rom for ideelle aktørar i tillegg til dei offentlege. Eg er overtydd om at dei tilsette både i privat og offentleg verksemd har ein genuin interesse i å skape gode relasjonar med barna og gje den omsorga dei treng. Ein viktig føresetnad for å sikre eit best mogleg tilbod er likevel at det ikkje er profittmotiv, men at det er ungane og ungdommane som står i fokus.
Nyleg har det vore avdekka i media at fleire private barnevernsinstitusjonar tek ut store utbyte frå verksemda si. Avisa Romsdals Budstikke har i ein artikkelserie løfta fram moglege problematiske sider ved privat drift av slike institusjonar og ved profittmotivet. Prinsipielt kan det vere eit problem at mykje av dei statlege midlane ikkje går til tenester til dei unge, men i staden går til utbyte til eigarane. Representantar for fagforeiningar har mellom anna gjort framlegg om at ein innfører same reglar som i friskolelova, slik at eigarane ikkje kan ta utbytte.
Eg vil leggje til at ein slik ordning eventuelt må hindre at regelverket blir mogleg å omgå på eit slikt vis at eigarane likevel klarer å tene store summer på barnevernsverksemda. Det er også mogleg å sjå for seg at det ikkje blir utbyteforbod, men at ein avgrensar høvet private aktørar har for å ta ut utbyte. Målet må vera å sikre at pengane i all hovudsak går til å drifte tenesta og såleis til å gi mindreårige som er under barnevernets omsorg eit best mogleg tilbod.

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Eg er særs oppteken av at barn og unge skal få den hjelpen dei treng. Kvalitet vil derfor vere eit avgjerande krav i tilbodet av institusjonsplassar. Det er omfattande og absolutte krav til kvalitet for å sikre eit forsvarleg tenestetilbod. Krava er basert på lover og forskrifter, den beste tilgjengelege kunnskapen om kva som er godt barnevern, og gjeld for alle institusjonar uavhengig av kven som er tilbydar.
Ein annan kvalitetsdimensjon er effekten av eit institusjonsopphald. Vi treng at det i større grad skal være mogleg å måle dette. Eg har derfor bedt Bufdir om å utvikle kvalitetsindikatorar som viser effekt av opphald i barneverninstitusjonar og som seier noko om tenestekvaliteten.
Leverandørar må gjennom omfattande godkjenningsordningar der skatt- og avgiftsinnbetaling, lønns- og arbeidsvilkår og kompetanse hos tilsette må dokumenterast. Som vilkår for å ha kontrakt med Bufetat må institusjonane vere godkjende etter gjeldande forskrift. Lønns- og arbeidsvilkår har òg heimel i gjeldande landsomfattande tariffavtale. Det er også stilt krav til dokumentasjon av rutinar og korleis rutinane blir følgde, med skildring av målsetjing og måloppnåing. Det er dermed høg terskel for å kome inn på denne marknaden. Tilbydarane står overfor betydelege investeringsbehov og vesentleg risiko på grunn av varierande etterspurnad.
Leverandørane må levere klientbudsjett med kostnadsoversikt når avtalar blir inngått eller ved enkeltkjøp. I samband med kontroll av lønns- og arbeidsvilkår blir lønnsnivå kontrollert mot oppgitte tal i klientbudsjetta. Dette gir Bufetat ein moglegheit til å følgje med på dei reelle kostnadane leverandørene har på kvart enkelt oppdrag.
Dei private institusjonane er avgjerande for å kunne tilby differensierte og gode tenester tilpassa kvart einskild barn. Det ligg ikkje føre indikasjonar på at det er forskjellar i kvalitet mellom offentlege og private tilbydarar, eller mellom kommersielle og ideelle tilbydarar. Blant anna seier ei brukerundersøking gjennomført for Bufdir at det er lite variasjon knytt til eigarform når det gjeld barn og unge si oppleving av trivsel, trygghet og tillit.
Tenesta som blir ytt av dei private aktørane skal tilfredsstille dei same krav til innhald, kvalitet og kompetanse som tenestene Bufetat utfører sjølv. I tillegg må plassane gi fleksibilitet for etaten, slik at den på best mogleg måte svarar til kommunane sine behov for plassar.
Vel halvparten av opphaldsdagane på institusjon blir levert av private aktørar. For at det til kvar tid skal vere ein tilgjengeleg plass er det behov for at ein del av plassane har leveransegaranti, noko som også medfører ein viss kjøpsgaranti. Størsteparten av plassane etaten har avtale om, er i form av rammeavtalar utan betalingsgaranti. Dette betyr at vilkåra er avtalt før behovet for plassane oppstår. I tillegg kan det også gjerast enkeltkjøp for meir tilpassa plassar, om det er behov for det.
Det offentlege skal ikkje betale meir for tenester av god kvalitet enn det som er nødvendig, men det er ikkje slik at det er utbytteforbod for leverandørar av barneverntenester. For at private aktørar skal kunne drive etter vanlege forretningsprinsipp må dei kunne berekne seg avkastning på investert kapital, og det er ikkje eigne reglar for dette i barnevernet.
Det avgjerande er at barna får det tilbodet dei skal ha. Samtidig skal statlege tenester leverast effektivt. Dei private driv etter inngåtte kontraktar der kvalitetsnivået og prisen er fastlagt. Det har dei gjort under den førre regjeringa, og det blir også gjort no.