Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:6 (2016-2017)
Innlevert: 04.10.2016
Sendt: 04.10.2016
Besvart: 10.10.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Organisasjonen Jussbuss skriv i Dagbladet 4.oktober at dei har fleire klientar som er blitt utestengde frå sitt lokale Nav-kontor. Jussbuss viser til ei rekkje dømer på tvilsam eller manglande grunngjeving for slikt vedtak, og viser òg til at Sivilombodsmannen har uttala at Nav praktiserer retningslinene ulikt.
Meiner statsråden at rettstryggleiken for brukarane er god nok i slike saker, og vil ho endre reglane slik at ein kan stille same sakshandsamingskrav ved vedtak om utestenging som ved andre vedtak i Nav?

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: I einskilde døme har arbeids- og velferdsforvaltninga behov for å verne seg mot personar som opptrer trugande, voldeleg eller sjikanøst mot dei tilsette i forvaltninga eller mot personar som gjer hærverk på eigedomen til forvaltninga. I tillegg til å melde slike forhold til politiet, kan arbeids- og velferdsforvaltninga nekte enkeltpersonar tilgjenge til forvaltninga sine lokale i eit
gitt tidsrom. Ei slik utestenging har ikkje straffeformål, men har til hensikt å verne liv, helse (medrekna dei tilsette sitt fysiske og psykiske arbeidsmiljø) og eigedom. Tiltaket er først og fremst aktuelt ved NAV-kontor.
Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser at dei har registrert 230 avgjerder om utestenging hittil i år (til 1. september). Oslo er fylket med flest avgjerder (41).
Utestenging er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, men er ei avgjerd som kan takast av leiaren av NAV-kontoret. Departementet har nylig gått gjennom det rettslege grunnlaget for utestengingar, medrekna heimelsgrunnlag, kva for handlingar som kan føre til utestenging, prosessuelle spørsmål som høve til å klage, grunngjeving og forma på avgjerda, samt korleis arbeids- og velferdsforvaltninga skal sikre at rettane til brukarar som er utestengde, blir teke vare på. Med bakgrunn i departementet sin gjennomgang av det rettslege grunnlaget, har Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med KS utarbeidt retningsliner på området. Eg meiner retningslinene medverkar til å trygge leiarane ved NAV-kontor når dei skal vurdere om nokon skal stengast ute. Retningslinene vil også sikre at brukarane veit kva som gjeld og at dei blir handsama likt.
Etter retningslinene skal utestenginga gis for ein avgrensa periode. Lengda skal vurderast i kvart einskild døme, men kan ikkje overstige tolv veker. Det skal alltid bli gitt alternative servicetilbod som sikrar brukaren sin rett til ytingar og tenester frå forvaltninga i perioden dei er utestengde. Direktoratet rapporterer at det i praksis blir nytta skriftleg kommunikasjon og/eller telefonisk kontakt med ein særskild person frå NAV-kontoret. Dette er som regel leiaren for eininga eller ein avdelingsleiar. I einskilde døme blir det avtala møtestader utanfor NAV-kontoret, bruk av fullmektig eller samtalar hos politiet.
Eg kan opplyse om at Arbeids- og sosialdepartementet har vore i dialog med Sivilombudsmannen om det rettslege grunnlaget og rammar for avgjerder om utestenging frå lokal som høyrer til arbeids- og velferdsforvaltninga.
Til slutt vil eg seie at, ja, eg meiner at rettstryggleiken for personar som er utestengde frå NAV-kontor er gode nok.