Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:34 (2016-2017)
Innlevert: 06.10.2016
Sendt: 07.10.2016
Besvart: 14.10.2016 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden utdjupe kor lange periodar ein ser for seg at utanlandske styrkar kan vere stasjonert på norsk jord, utan at dette bryt med det som til no har vore norsk basepolitikk?

Begrunnelse

Til tross for at ei rekkje studiar har slått fast at Noreg trong ei mekanisert brigade og at naudsynte investeringar mellom anna i artilleri, kampluftvern og stridsvogner skulle ha vore syta for innan 2016, vel regjeringa å utsette investeringar i Hæren i påvente av ei «landmaktutgreiing».
I rapporten frå forsvarssjefen sitt fagmilitære råd frå i fjor haust gjorde forsvarssjefen det klårt at risikoen knytt til reduksjonar i landmakta «i liten grad kompenseres av NATO, med mindre det stasjoneres styrker på norsk jord til daglig, (..)» Forsvarssjefen stadfesta at «uten evne til å yte motstand på bakken, er det en betydelig risiko for at en motpart kan nå sine territorielle mål uten at vårt nasjonale forsvar kan påvirke situasjonen.»
I ein artikkel i adresseavisa 24. juni skriv Adresseavisen at Forsvaret no ser nærmare på om amerikanske styrker kan opphalde seg i Noreg i lengre periodar av gangen. Statsråden fortel Adresseavisen «basepolitikken ligger fast, det skriver vi også veldig tydelig i Langtidsplanen for forsvarssektoren».
Statsministeren er i artikkelen sitert på at «jeg forstår det har vært snakk om styrker som kan være her i lengre perioder enn de normale øvelsene, men ikke på permanent basis.
Det vil i så fall være en aktivitet som er ønskelig».

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Norsk basepolitikk ligg fast. Utgangspunktet for norsk basepolitikk blei utforma i samband med at vi blei medlem i NATO i 1949. I den såkalla «baseerklæringa» frå mars 1949, som svar på førespurnad frå Sovjetunionen, står det at den norske regjeringa ikkje vil «…åpne baser for fremmede makters stridskrefter på norsk territorium så lenge Norge ikke er angrepet eller utsatt for trusler om angrep».
Kjernen i basepolitikken er at norske myndigheiter kan regulere alliert militær nærvær i Noreg på føreseieleg vis. Praktiseringa av basepolitikken har utvikla seg i heile etterkrigstida og under skiftande regjeringar. Det har vore brei tilslutning til at det er opp til norske myndigheiter til ei kvar tid å vurdere om ein gitt utanlandsk militær aktivitet er innanfor ramma av basepolitikken. Praktiseringa av basepolitikken skjer alltid i lys av mellom anna den sikkerheitspolitiske utviklinga.
Det har lenge vore brei etablert semje om at basepolitikken ikkje er til hinder for regelmessig alliert nærvær på norsk jord over lengre tid i form av øvingar og trening, som til dømes den britiske helikoptertreninga på Bardufoss. Basepolitikken er heller ikkje til hinder for alliert førehandslagring av militært materiell, NATO-finansierte infrastrukturprosjekt og NATO-kommandoar på norsk jord, som til dømes den tidligare Nordkommandoen på Kolsås i Bærum og Joint Warfare Center i Stavanger. Elles har det i mange år vore permanente allierte fasilitetar på Ørlandet for stasjonering av NATOs overvakingsfly.
Dei til ei kvar tid sittande regjeringane har også følgt ein praksis med å ikkje talfeste talet på personell eller antyde grenser for kor lenge aktivitetar skal vare. Ein har heller ikkje på annan måte brukt å beskrive meir i detalj kvar grensa eksakt går mellom det som kan hevdast å vere ein permanent base og det som er å sjå på som rotasjonsbasert øving og trening med utanlandske styrkar. Over tid har då også talet på utanlandsk personell som øver og trener på norsk territorium, og kor lenge treningsaktivitetane varer, variert mykje. Det same har dei sikkerheitspolitiske rammevilkåra.
Innsetting av allierte styrkar i krise og krig har vore eit sentralt element i norsk sikkerheitspolitikk i heile etterkrigstida. Alliert nærvær i fredstid i form av øving og trening er viktig for at allierte skal få erfaring med å operere saman med norske styrkar og i nærområda våre. Dette er ein føresetnad for rask innsetting i krise og krig. I tillegg demonstrerer det alliansesolidaritet, som har avskrekkande effekt på ein potensiell angripar. I langtidsplanen som blei lagt fram for Stortinget i juni blir denne lange linja i sikkerheitspolitikken vidareført og understreka. Den sikkerheitspolitiske utviklinga dei siste to-tre åra har ført til ytterlegare merksemd omkring desse spørsmåla.
Elles er det også viktig at norske styrkar held eit nivå og er av eit slikt omfang at dei kan ta imot utanlandske styrkar på norsk jord, og drive målretta samtrening og -øving med desse. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvingane til Forsvaret og til vertslandsstøttebataljonen i 2017. Hæren og Heimevernet vil også bli styrka gjennom ei betydeleg satsing på vedlikehald, reservedelar og beredskapslogistikk, herunder ammunisjonsbehaldningar. Styrkinga legg til rette for å dekke eit identifisert vedlikehaldsbehov og bidrar til eit varig og bærekraftig vedlikehaldsnivå. Spesielt for Hæren er ei etablering av eit jegerkompani ved Garnisonen i Sør-Varanger og auka aktivitet ved Panserbataljonen i Brigade Nord. Spesielt for Heimevernet er blant anna innkjøp av sperremateriell for å auke evna til objektsikring.