Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:338 (2016-2017)
Innlevert: 02.12.2016
Sendt: 02.12.2016
Besvart: 09.12.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Noreg har som følge av EØS-avtalens protokoll 9 tollfridom for fleire kvitfiskprodukt og tollreduksjonar på mange andre produkt. Protokoll 9 regulerer også uhindra adgang til hamner og forbod mot kvantitative importbegrensingar. Vedr. veterinærbestemmelsane er Norge harmonisert med EU og reglane gjeld også fôr/innsatsvarer, fiskehelse, fiskevelferd, biprodukter og sjømattryggleik.
Kva følger vil det ha for dei områda protokoll 9 regulerer, det veterinære område, og markedsadgangen dersom EØS-avtala vert oppsagt?

Begrunnelse

Noreg, sjølv om akvakulturpolitikk og forvaltning av fiskeriresurssar ikkje er ein del av EØS-avtala. Fiskerisamarbeidet mellom EU og Noreg er basert på bilaterale avtalar, medan handelen med fisk og fiskeprodukt er regulert gjennom eigen protokoll i EØS-avtala og fleire bilaterale avtalar. Dei veterinære aspekta av fiskeri- og akvakultur er omfatta av EØS-avtala. Handelen med sjømat foregår dermed utan grensekontroll internt i EØS-området. Norge er verdast nest største sjømateksportør og EU er vårt viktigaste marked. Nesten 60 % av den norske sjømateksporten går til EU. Noreg har som ei følge av EØS-avtalen protokoll 9 og andre bilaterale avtalar tollfri handel med EU for fleire kvitfiskprodukt og tollreduksjonar på mange andre viktige produkt. På reker, makrell, sild, laks, kamskjell og sjøkreps opprettheld EU importtoll som avhenger av bearbeidingsgraden på produktet, men det er også ei rekke tollfrie kvoter for f.eks. makrell, reker og sild. Protokoll 9 regulerer også uhindra adgang til hamner og forbod mot kvantitative importbegrensingar. På det veterinære området er Norge harmonisert med EU gjennom EØS-avtalen, og er dermed ein del av EU sitt indre marked også for fisk og fiskeprodukt. Veterinærbestemmelsane gjeld bla fôr/innsatsvarer, fiskehelse og fiskevelferd, biprodukter og sjømattryggleik. Noreg deltek i regelverksutviklingen på veterinærområdet i det indre marked og tek inn nytt regelverk fortløpande. Denne kontinuerlige og koordinerte regelverksutviklingen er viktig for norsk fiskeri- og havbruksmelding. Noreg deltek også i EU sin faste komité for matvarekjeda og dyrehelse (PAFF) og arbeidsgrupper under denne. Arbeidarpartiet har som krav at EØS-avtalen skal bestå i regjeringar der vi er med. Det same kravet har Høgre hatt, men ein kan lese i dagens Klassekampen at Fiskeriministeren er imot EØS-avtala, og forventar at den vert eit tema på landsmøtet. Frp har dermed gått motsett veg av det Norske folk, der stadig fleire er for EØS-avtala.Iflg. klassekampen har fiskeriministeren alt konkludert at han er imot EØS-avtala, og då må det forventast at han også fortel sjømatnæringa i klartekst kva konsekvensar ei oppseiing av avtala har for sjømatnæringa og synleggjer gevinsten for norsk sjømatnæring. I motsett fall vil det vera eit underleg standpunkt for den som skal vera den fremste sabeldrageren for norsk sjømatnæring.

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: I regjeringsplattforma har vi stadfesta at regjeringa legg til grunn EØS-avtalen og dei andre avtalene med EU som ramme for Europapolitikken. Dette ligg fast.

Dersom Noreg går ut av EØS-samarbeidet vil protokoll 9 i EØS-avtalen falle bort. Det betyr at Noreg taper tollfritak på dei fleste kvitfiskprodukt til EU. EU sine bundne satsar i WTO vil i staden gjelde. Dei viktigaste produkta vil då møte toll på mellom 10 og 25 prosent. Toll på fersk og rundfrossen laks er WTO-bunden og vil framleis vere på 2 prosent. Noreg vil òg nyte godt av tollreduksjonane gitt i det såkalla Fiskebrevet, knytt til frihandelsavtalen mellom Noreg og EF frå 1973. Det gjeld mellom anna frosne torskefiletar til 3 prosent toll og frosne pilla reker til 7,5 prosent. Fiskebrevet kan derimot ikkje samanliknast med protokoll 9 som gjev betre marknadstilgang og tollfritak for svært mange produkt. Ei rekke tollfrie importkvoter som Noreg har forhandla fram i samband med EØS-finansieringsordninga vil kunne falle bort.

Volumet på norsk sjømateksport er særs høgt. Det passerer dagleg om lag 200 trailerar med fisk frå Noreg inn til EU-landa. Norge eksporterte meir enn 1,6 mill. tonn sjømat til ein verdi av om lag 50 mrd. kroner til EU-landa i 2015. Lakseeksporten var på om lag 790 000 tonn til ein eksportverdi av om lag 35 mrd. kroner.

Utrekna tollbelasting for norsk sjømat til EU i 2015 var om lag 1,3 mrd. kroner. Av dette utgjer laks 712 mill. kroner i tollbelasting. Når ein reknar med dei tollfrie importkvotene var den faktiske tollbelastinga på om lag 911 mill. kroner, kor laks utgjer om lag 700 mill. kroner.

Noreg er gjennom EØS del av EUs indre marknad, noko som gjev fri tilgang for sjømat frå Noreg når det gjeld veterinære krav og andre tekniske krav for import. Dersom Noreg går ut av EØS, vil varer frå Noreg verte behandla som import frå såkalla tredjeland. Norsk sjømat vil då mellom anna verte gjenstand for EUs veterinærkrav og full grensekontroll i tillegg til forverring av konkurransekrafta som følgje av at tollfritak fall bort.