Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:355 (2016-2017)
Innlevert: 06.12.2016
Sendt: 07.12.2016
Besvart: 15.12.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Ferjefri E39 er eit stort og viktig prosjekt samla sett.
Kor langt har kvart enkelt fjordkryssingsprosjekt på strekninga kome i planlegginga?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Ambisjonen om ein ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim krev omfattande planlegging, ikkje minst fordi det er knytt store teknologiske utfordringar til fleire av fjordkryssingane. Planstatus for dei ulike fjordkryssingane er som følgjer:

Boknafjorden (Rogfast)

Alle reguleringsplanane for prosjektet E39 Rogfast er godkjende, og det er lokalpolitisk tilslutning til foreslått opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging. Ekstern kvalitetssikring (KS2) er gjennomført, og arbeidet med bompengeproposisjonen er i sluttfasen.

Bjørnafjorden, inkl. Langenuen

Forslag til statleg kommunedelplan for E39 på strekninga Stord – Os vart lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring 22. november 2016. Høyringsfristen er sett til 20. januar 2017.

Sognefjorden

Arbeidet med konseptvalutgreiing (KVU) for kryssing av Sognefjorden i dagens E39-korridor mellom Oppedal og Lavik pågår. Utgreiinga skal etter planen vere ferdig tidleg i 2017.

Nordfjorden

Arbeidet med kommunedelplan for E39 på strekninga Byrkjelo – Grodås er starta opp. Planprogrammet har vore på høyring, og revidert forslag til planprogram er oversendt kommunane for vedtak.

Vartdalsfjorden og Sulafjorden (Storfjorden)

Vurdering av mogelege løysingar for kryssing av Vartdalsfjorden og Sulafjorden pågår. Dette inneber mellom anna fleirårige analysar av bølgjer, straum og vind samt utvikling av teknologi for store brulengder. Aktuelle løysingar og kryssingsstader kan vere klare i 2017. Deretter kan det utarbeidast kommunedelplan.

Romsdalsfjorden, inkl. Julsundet

Reguleringsplan for E39 på strekninga Vik – Julbøen er vedteken av Vestnes og Midsund kommunar. Det er venta at Molde kommune vil sluttbehandle planen i løpet av desember 2016.

Halsafjorden

Vurdering av mogelege løysingar for kryssing av Halsafjorden pågår. Som for Storfjorden inneber dette mellom anna fleirårige analysar av bølgjer, straum og vind samt utvikling av teknologi for store brulengder. Aktuelle løysingar og kryssingsstader kan vere klare i 2018.
Tingvoll og Halsa kommunar vedtok kommunedelplanar for fjordkryssinga i 2013. Etter val av kryssingsløysing må det vurderast om planane frå 2013 er tilstrekkelege til å starte arbeidet med reguleringsplan.