Skriftlig spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til statsministeren

Dokument nr. 15:371 (2016-2017)
Innlevert: 09.12.2016
Sendt: 09.12.2016
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 14.12.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Meiner statsministaren at Posten ikkje lenger er ein sentral aktør og ei teneste innan samferdsletilbodet i landet, og at Posten no etter privatisering av ei rekkje posttenester kun er eit statleg selskap som skal konkurrere på line med private aktørar basert på marknadsprinsipp?

Begrunnelse

Eg syner til at regjeringa i statsråd i dag vedtok å flytte ansvaret for Posten frå samferdsledepartementet til nærings- og fiskeridepartementet.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Regjeringa meiner Posten er ein sentral aktør for å sikre eit godt samferdsletilbod i Norge. Denne regjeringa si målsetjing er å sikre eit godt og likeverdig posttilbod over heile landet, jf. regjeringsplattforma og postloven § 1. Posten si verksemd er avgjerande for at vi framleis når dette målet.

Den nye postlova tredde i kraft 1.1.2016 og avviklar Posten sitt monopol på ombering av brev under 50 gram. Avviklinga av monopolet har vore ein gradvis prosess dei siste 15-20 åra.

Det går fram av Meld. St. 27 (2013-2014) at regjeringa vil sjå nærmare på moglegheita for å ytterlegare samle den direkte statlege eigarskapen i forretningsmessige selskap, og eventuelt enkelte andre selskap, i Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Dette gjeld særleg med tanke på ytterlegare å skilje staten si rolle som eigar frå andre roller. Regjeringa meiner eigarskapen i forretningsmessige selskap bør forvaltast av den sentrale eigarskapseininga i NFD, når ikkje særlege omsyn talar for andre løysingar.

Av Meld. St. 31 (2015-2016) går det fram at det ikkje lenger er behov for å nytte eigarskapen i Posten til å realisere spesifikt definerte mål, under dette målet om eit godt og likeverdig posttilbod over heile landet, men at sektorregulering og avtaleinngåing vil nyttast til å nå slike mål. Innføringa av ny postlov og avvikling av sektorpolitiske føringar gjennom eigarskapen inneber at det ikkje lenger er særlege sektorpolitiske omsyn som talar for andre løysingar enn hovudregelen om at eigarskapen i forretningsmessige selskap bør forvaltast i NFD.

Posten opererer no i ein fullt ut konkurranseutsett marknad, og har som formål å drive post- og logistikkverksemd på forretningsmessig grunnlag med sikte på å levere konkurransemessig avkasting. Samferdselsdepartementet vil som sektormyndigheit framleis ha ein viktig relasjon til Posten gjennom forvalting av postlovgivinga og ordninga med statleg kjøp av leveringspliktige posttenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønnsame.