Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:508 (2016-2017)
Innlevert: 12.01.2017
Sendt: 13.01.2017
Besvart: 23.01.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kor mange HV-soldatar var innrullert som ein del av Heimevernets områdestruktur 17. juni 2016?

Begrunnelse

Klassekampen skriv fredag 23. desember 2016 at tal avisa har fått tilgjenge til, viser at HVs områdestyrke i dag har om lag 41.000 soldatar. I langtidsplanen som regjeringa la fram 17. juni 2016 skriv regjeringa følgjande om Heimevernet:

«For å tilpasse områdestrukturen til den reelle situasjonen anbefaler regjeringen en reduksjon fra dagens plantall på 42 000 mannskaper til 35 000 mannskaper innen 2020».

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortingets president av 13. januar 2017 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om kor mange HV-soldatar som var innrullert i Heimevernets områdestruktur 17. juni 2016.
Forsvarsdepartementet held seg til dei formelle periodiske rapporteringane frå Forsvaret. Eit tilfeldig uttrekk som til dømes den 17. juni 2016 vil kunne være misvisande. Det er difor redegjort for antallet i Forsvaret sine rapporteringar frå henhaldsvis april og september 2016.
I samband med periodisk rapportering i april 2016 opplyste Forsvaret at bemanninga i Heimevernet totalt var på 39 479 mannskapar. Av dette talet må ein trekke ut bemanninga i Innsatsstyrkane som på dette tidspunktet var omlag 2 700 (90 pst. av 3 000). Totalt var bemanninga i Heimevernet sin områdestruktur i april 2016 om lag 36 779.
I september 2016 rapporterte Forsvaret at bemanninga i Heimevernet totalt var 37 976 mannskapar. Av dette talet må ein trekke ut bemanninga i Innsatsstyrkane som på dette tidspunktet var på omlag 2 700 (90 pst. av 3 000). Totalt var dermed bemanninga i Heimevernet sin områdestruktur i september om lag 35 276.