Geir Pollestad (Sp): Korleis stiller statsråden seg til å gje statleg bidrag til å få etablert straumkabel til små øysamfunn som til dømes Utsira?
Begrunnelse
Utsira er Noregs minste kommune, men har gode moglegheiter for å etablera næringsverksemd. Det er naudsynt for å sikra eit livskraftig lokalsamfunn i åra som kjem. Det ligg føre to kjente saker om nye etableringar representert med Utsira Laks AS og Solvind AS. Dette krev ny energiforsyning til Utsira. For å dekka energibehovet anbefaler Haugaland Kraft at det vert lagt ein ny sjøkabel på 22 kV frå Ferkingstad i Karmøy kommune til Utsira.
Under førre regjering vart det gitt statleg støtte til å etablera ny sjøkabel til Værøy og Røst. Utsira er no i ein tilsvarande situasjon som desse øysamfunna var. Sjølv om ser at Regjeringa Solberg ikkje har noko særleg merksemd på distriktspolitikk og næringsutvikling i heile landet bør omsynet til likheit gjera at regjeringa og vil vurdera støtte til ein sjøkabel til Utsira.
Representanten Hege Haukeland Liadal (Dokument 15:553 2015-2016) har tidlege teke opp spørsmålet med den førre Olje- og energiministeren. I svaret vart det vist til:
«Nettselskapene har ansvar for å levere nettjenester til kundene i sine konsesjonsområder …. Olje- og energidepartementet gir ikke statlig støtte til investeringer i strømkabler.»
Heile poenget med saka er at det lokale nettselskapet ikkje greier å løfta prosjektet aleine og statleg støtte er tidligare gitt til slike prosjekt.