Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa sjå på endringar i utrekningsgrunnlaget for arbeidsavklaringspengar som gjer at nyutdanna kan få eit stønadnivå som samsvarar med reell inntekt?
Begrunnelse
I dag tolkar Nav folketrygdlova slik at når ein nyutdanna med mindre enn eit kalenderårs arbeidserfaring i første ordinære stilling søkjer om arbeidsavklaringspengar (AAP), er det tida før arbeidsforholdet som vert utrekningsgrunnlag for stønaden. Dette medfører at ein i mange tilfelle ender med ein stønadssats som ligg langt under 66 prosent av pensjonsgjevande inntekt.
Folketrygdelova kapittel 11, § 11-15 første ledd er slik:
«Grunnlaget for beregning av arbeidsavklaringspenger fastsettes ut frå medlemmets pensjonsgivende inntekt, jf § 3-15, i året før arbeidsevnen (jf. § 11-5) ble nedsatt med minst halvparten. Grunnlaget for beregning av arbeidsavklaringspenger skal likevel fastsettes ut fra gjennomsnittet av den pensjonsgivende inntekten i de siste kalenderårene før same tidspunkt, dersom dette gir et høyere grunnlag.»
Det fører til at nyutdanna som i sitt første arbeidsår må søkje om arbeidsavklaringspengar blir vurdert på bakgrunn av studentinntekta. Dette kan skape ei uforholdsmessig stor utfordring for ei lita gruppe i etableringsfasen med behov for arbeidsavklaringspengar. Dagens ordning kan i ytste konsekvens føre til at arbeidstakarar ventar uforsvarleg lenge med å ta ut sjukemelding, utan omsyn til eiga helse, for å passere eit kalenderår som tilsatt, noko som neppe er intensjonen med regelverket.