Skriftlig spørsmål fra Jenny Følling (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:649 (2016-2017)
Innlevert: 08.02.2017
Sendt: 09.02.2017
Besvart: 14.02.2017 av forsvarsminister Ine M. Eriksen Søreide

Jenny Følling (Sp)

Spørsmål

Jenny Følling (Sp): Korleis vil statsråden sikre at Kjellers forsvars- og flyhistoriske tydnad vert ivareteken og korleis stiller statsråden seg til forslaget om å etablere eit luftfartøyvern-senter på Kjeller?

Begrunnelse

Kjeller-miljøet representerer det eldste kulturmiljøet i landet for ivaretaking av gamal kunnskap om restaurering, vedlikehald og operasjonar med flygande veteranfly, i tillegg til 100 år flyhistorie. Kjeller har spesielt stor tydnad med sin industri-, forsvars- og samferdselshistorie, som er ei samanhengande 105-årig historie. Flyfabrikken på Kjeller produserte 180 fly i perioden 1913 til 1940. Det unike veteranflymiljøet på Kjeller har arbeidet ei årrekkje med ivaretaking, formidling og bruk, og vart mellom anna anerkjent gjennom den kulturelle skulesekken i Skedsmo Kommune.

Kjeller som flyplass og anlegg med over 100 år historie er førebels ikkje verdsett eller kartlagt som kulturminne, ei heller har vernekategoriar som reflekterer kulturverdien i dag eller kunnskap om området.

I Innst. 62 S (2016–2017) skreiv ein samla komite at den «legger til grunn at Kjellers forsvarshistoriske betydning ivaretas i samarbeid med Skedsmo kommune».

Ine M. Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine M. Eriksen Søreide: Forsvaret har høge krav om å effektivisere verksemda si slik at ein styrker den operative evna. Dette inneber mellom anna at overflødige areal og bygg og anlegg vert avhenda. I Prop. 151 S (2015–2016) vart Kjeller føreslått lagd ned og avhenda. Potensialet for innsparing med dette tiltaket er på over 1,5 mrd. kroner i eit perspektiv på 20 år. Regjeringa si anbefaling om å avhende, regulere om og utvikle Kjeller for sal fekk Stortinget sin tilslutning gjennom handsaming av Innst. 62 S (2016–2017). Det er viktig for Forsvaret å få realisert desse verdiane. Inntektene frå salet og reduserte driftsutgifter skal bidra til å styrkje den operative evna, i tråd med føresetnadene i langtidsplanen.

Forsvarssektoren sin eigedom på Kjeller har eit stort potensial for utbygging. Lokale planmyndigheiter vil sannsynlegvis vurdera området som ein viktig arealreserve for å møte den forventa store befolkningsveksten i tida framover. For å kunne realisera verdiane på eigedommen må det gjennomførast ein omfattande planprosess som vil krevje tid og ressursar. Forsvarsbygg vil representere forsvarssektoren sine interesser i denne prosessen, og dei har starta ein dialog med Skedsmo kommune. Det vil vere naturleg å involvere fleire aktørar i denne prosessen, og Forsvarsbygg har gjennomført møte med det flyhistoriske miljøet som i dag held til på Kjeller.

Når så store eigedommar skal verte avhenda, vil vertskommunen vanlegvis krevje at det må gjennomførast ein heilskapleg og grundig prosess gjennom ein plan for områderegulering med tilhøyrande utreiingar. Alle interesser om mulig etterbruk må derfor behandlast som ein del av ein kommande planprosess. Som planmyndighet vil Skedsmo kommune, ikkje Forsvarsbygg, legge føringar for etterbruken av området.

Om det eventuelt skal setjast av areal til det flyhistoriske miljøet og forsvarshistoriske føremål må dermed inngå i ein heilskap og verte avklara i den kommande prosessen for regulering. Her vil Skedsmo kommune vere den sentrale aktøren.