Liv Signe Navarsete (Sp): Kven gir norske soldatar opplæring til i krigen i Syria?
Begrunnelse
Forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen sa i Klassekampen 13. mai 2016 følgjande:
«Det er et dilemma hvem vi skal trene, hva de gjør etter at vi har trent dem, og hva de vil gjøre etter at de har bekjempet Isil. Dette har vi altså ikke noe svar på.»
Det er nærliggande å tolke uttalane frå forsvarssjefen til at det ikkje var klarlagt kva for grupper som skulle ta i mot opplæring frå norske soldatar. I tillegg hadde ikkje norske styresmakter fått tilgang til kriteria som vart lagt til grunn for seleksjonen då avgjerd om å sende norske soldatar til Syria vart teken, jf. forsvarssjefen si uttale om at:
«Jeg har ikke sett konkret hva kriteriene går ut på.»
Mellom anna Noregs fredsråd har vist til rykte om at New Syrian Army, som det etter kvart kom fram at Noreg skulle trene, skal vere oppløyst. For å sikre målsettinga i oppdraget, og demokratisk, politisk kontroll frå norsk side, er det avgjerande med ei avklaring av kven Noreg faktisk trenar i krigen i Syria.