Kjersti Toppe (Sp): Arkivverket har i budsjettsøknad for 2018 bedt om å få frigjere midlar ved å redusere eksisterande bygningsmasse, og at statsarkivas arkivmateriale, må flyttast, eventuelt digitaliserast og destruerast.
Vil statsråden akseptere at statsarkiv i realiteten blir lagt ned ved at dei mister alt materiale og magasin, og at arkivmateriale frå 1500-talet og framover vert destruert, og meiner statsråden at eit slikt forslag er i tråd med Arkivlova?
Begrunnelse
Arkivlova §4 slår fast at Arkivverket omhandlar Riksarkivet, 8 statsarkiv, Norsk helsearkiv og Samisk arkiv. I Arkivverket sin budsjettsøknad for 2018 vert det føreslått å frigjere midlar ved å redusere eksisterande bygningsmasse, sitat: "Dersom materiale frå et magasin flyttes, eventuelt digitaliseres og destrueres, vil det være behov for langt mindre areal".
Eit statsarkiv utan arkivmagasin og tilhøyrande arkivmateriale, kan ikkje kallast eit statsarkiv. Det er ikkje behov for publikumsareal eller tilsette dersom arkivmateriale og magasin blir borte.