Sveinung Rotevatn (V): Har statsråden gitt klarsignal til å leggje ned Florø Radio, og korleis meiner han i så fall tryggleiken til sjøs skal takast i vare framover?
Begrunnelse
Den 4. april vart det sendt ut pressemelding frå Telenor om at Florø Radio vert lagt ned, saman med to andre kystradiostasjonar. Radiostasjonen har vore i drift sidan 1938, og har opparbeida seg stor lokalkunnskap som bidreg til å sikre tryggleiken til sjøs. Ifølgje dei tilsette kom meldinga om nedlegging svært overraskande.
I pressemeldinga frå Telenor vert nedlegginga grunngiven med "operative gevinster og kostnadsbesparelser", utan at det vert nærare skildra korleis denne strukturendringa skal ivareta tryggleiken til sjøs - eller kor initiativet til nedlegging kjem frå. Sidan Telenor har konsesjonsplikt til å drive kystradiotenesta og får statlege tilskot til dette, er det difor interessant å vite om statsråden har vore orientert om og gitt klarsignal til denne strukturendringa, og kva vurderingar som i tilfelle er gjort som forsvarar nedlegginga av Florø Radio.