Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:995 (2016-2017)
Innlevert: 20.04.2017
Sendt: 21.04.2017
Besvart: 28.04.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden garantere at nordhordlandspakken vert fremja slik at den rekk handsaming av Stortinget i denne stortingssesjonen?

Begrunnelse

Nordhordlandspakken består av 19 ulike prosjekt i kommunane i Nordhordland med kostnadsramme på 1,4 mrd., og har vore gjennom tilrådingsvedtak i kommunestyra og Hordaland Fylkesting. Statens Vegvesen har løyvd prosjekteringsmidlar både i 2016 og 2017, så mykje arbeid er i gang allereie. Men ifølge utsagn frå Statens Vegvesen vil ei utsetjing til i denne saka, som er lova frå regjeringa hausten 2016, så januar 2017 og sidan våren 2017, føre til at arbeidet som er i gong må avbrytast. Derfor er det svært viktig at pakken vert godkjent no og at regjeringa fremjar denne saka for stortinget.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av finansieringsopplegget for Nordhordlandspakken. Denne viser at det i all hovudsak er semje mellom ekstern kvalitetssikrar og Statens vegvesen om føresetnadene for finansieringa av bompengepakken.
Parallelt med den eksterne kvalitetssikringa av finansieringsopplegget har Statens vegvesen kvalitetssikra kostnadsoverslaget for det største og høgast prioriterte prosjektet i pakken, fv 565 Marås – Soltveit på Radøy. Som del av dette arbeidet er det gjennomført grunnundersøkingar i området der prosjektet skal byggjast. Desse har mellom anna avdekka at grunnforholda er vesentleg dårlegare enn det som låg til grunn for det opphavelege kostnadsoverslaget for prosjektet. Førebelse vurderingar viser ei kostnadsauke på 250-300 mill. kr samanlikna med opphaveleg overslag. Dette medfører at saksgrunnlaget for bompengesaka må oppdaterast før saka kan leggjast fram for Stortinget.
Statens vegvesen er no i sluttfasen på arbeidet med å få på plass eit oppdatert kostnadsoverslag for prosjektet fv 565 Marås – Soltveit. Så snart dette ligg føre, vil Statens vegvesen ferdigstille grunnlagsmaterialet for bompengesaka. Deretter vil saka bli oversendt Samferdselsdepartementet for vidare behandling. Saka vil bli fram for Stortinget så raskt som mogeleg etter dette.