Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1320 (2016-2017) Innlevert: 19.06.2017 Sendt: 19.06.2017 Besvart: 29.06.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie
Fredric Holen Bjørdal (A): Kva for konkrete initiativ har regjeringa sett i verk for å sikre at ungdom fekk oppfylt sine garantiar i Nav i perioden 2014 til 2017?
Viser til svar på spørsmål nr. 1095 og kan ikkje sjå at statsråden svarar på spørsmålet om kva for initiativ som har blitt sett i verk.
Anniken Hauglie: Regjeringa har heile tida prioritert unge høgt i arbeidsmarknadspolitikken. Dette kjem til syne både ved at ungdom er ei prioritert gruppe i Arbeids- og velferdsetaten sitt ordinære arbeid, og ved prioritering av unge i eigne satsingar. Unge under 30 år er mellom anna prioritert ved arbeidsretta oppfølging og tiltak, og er prioritert målgruppe i Jobbstrategien for personar med nedsett funksjonsevne og i arbeidet med delmål 2 i IA-avtalen. Ein ny ungdomsinnsats skal frå 2017 gi eit styrka arbeidsretta tilbod til arbeidssøkarar under 30 år som etter å ha vore ledige i åtte veker står utan tilbod om arbeid, utdanning eller annan aktivitet. Satstinga gjeld for heile landet, men blir først sett i verk på Sør- og Vestlandet. Det blei løyva 30 mill. kroner til ungdomsinnsatsen i budsjett for 2017. Regjeringa foreslår i RNB at løyvinga til ungdomsinnsatsen vil bli styrka med ytterligare 32,5 mill. kroner.NAV-kontora har fokus på unge brukarar og jobbar generelt godt med målgruppa. Det er etablert tverrfaglege ungdomsteam ved dei fleste store NAV-kontor. Dei kontora som ikkje har ungdomsteam har dedikerte rettleiarar som jobbar aktivt med målgruppa. Statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at ungdom får tettare oppfølging og i høgre grad deltek på tiltak enn andre aldersgrupper. Mange unge som står utanfor utdanning og arbeid har samansette utfordringar som krev eit godt samarbeid mellom ulike tenesteytarar. NAV-kontora samarbeidar difor tett med andre aktørar, mellom anna skule og oppfølgingsteneste i fylkeskommunen, for å sikre at unge får god oppfølging med sikte på å komme tilbake i opplæring eller i arbeid. Forsøket med NAV-rettleiarar i vidaregåande skule er eit godt eksempel på slikt samarbeid. I 2015 blei det etablert pilotar i alle fylka i landet.Regjeringa har gjort mykje for å bidra til at ungdom som står utanfor utdanning og arbeidsliv skal få god og hensiktsmessig oppfølging. Det viktigaste er at ungdom ikkje blir ståande lenge utanfor, men kjem i arbeid, utdanning eller annan aktivitet. Regjeringa har innført aktivitetsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar for å sikre at unge raskt kjem i aktivitet. Gapet mellom ungdomsrett og vaksenrett til vidaregåande opplæring er også tetta att, nettopp for å styrke unge vaksne sin moglegheit til å kvalifisere seg for jobb.Som eg peika på i svaret mitt på førre spørsmål frå representanten, viser Fafo sin gjennomgang at garantiane i seg sjølve ikkje ga eit bidrag av betyding når det gjeld å sikre god og hensiktsmessig oppfølging for ungdom. Det er heilskapen i det arbeidet som gjerast for målgruppa, som er avgjerande, ikkje garantiar som fokuserer på kvantitet og målbarheit av NAV-kontora sitt arbeid med dei. Dette er noko av bakgrunnen for at vi valde å erstatte garantiordningane med ein ny ungdomsinnsats. Innsatsen inneber ein tydelegare og eintydig prioritering av unge, og skal gje utsette unge tidleg innsats og individuelt tilpassa oppfølging.