Jenny Klinge (Sp): Kan statsråden gjere greie for kva dei 50 politifaglege stillingane han har lova Kristiansund kjem til å innehalde i praksis av oppgåver, og når desse skal vera på plass?
Begrunnelse
Regjeringa lova først at politiet sitt løns- og rekneskapssenter skulle leggjast til Kristiansund og få 70 stillingar. Dette vart så redusert til 50, fordi regjeringa bestemte at Direktoratet for økonomistyring (DFØ) skulle ta over nokre av oppgåvene på lønsområdet. Til gjengjeld skulle Kristiansund få 20 stillingar til skattekontoret. I går kom det fram i Tidens Krav at rekneskapsoppgåvene som skulle til Kristiansund kan bli gitt til Trondheim, men justisministeren lovar at det framleis skal vera 50 politifaglege stillingar i Kristiansund. Justisministeren bør avklåre dette snarast.