Skriftlig spørsmål fra Solfrid Lerbrekk (SV) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:482 (2017-2018)
Innlevert: 08.12.2017
Sendt: 08.12.2017
Besvart: 14.12.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Solfrid Lerbrekk (SV)

Spørsmål

Solfrid Lerbrekk (SV): Er det en del av ordinær og forsvarleg petroleumsforvaltning å la oljeselskap på norsk sokkel, med eigarinteresser i vedkommande felt, avgjere på vegne av forvaltninga om kor vidt operatørens ønskjer om oppstart av produksjon skal etterkommast?

Begrunnelse

I forkant av produksjonoppstart på Goliat i 2016 valde Petroleumstilsynet å be Statoil om å gå god for det italienske oljeselskapet Eni sine vurderingar rundt tryggleiken på Goliat. Statoil vurderte at produksjonen kunne starte opp. Det kjem fram i ein artikkel skrive av Teknisk Ukeblad fra november i år.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Det er eit grunnleggjande prinsipp i petroleumsregelverket at kvart einskilt selskap er ansvarleg for tryggleiken i eiga verksemd. Det er den einskilde aktøren som skal ha nødvendig detaljkunnskap, myndigheit til å bestemme og ressursar til å syte for at krava i regelverket vert følgd. Kvar utvinningstillating vert gjevne til ei gruppe selskap. Operatøren er den som på vegne av gruppa med rettshavande står for den daglege leiinga av verksemda i ei tillating og har eit overordna ansvar for at verksemda går føre seg på ein forsvarleg måte og i samsvar med gjeldande regelverk. Kvar einskild rettshavar skal bidra med sin kompetanse og har eit påse-ansvar overfor operatøren. Rettshavande skal mellom anna sjå til at operatør har eit fungerande styringssystem, ein organisasjon som er tilstrekkeleg kvalifisert og har tilstrekkeleg kapasitet, at operatør tek hand om problemområde og andre forhold myndigheitene har fokus på og at sentrale søknader vert sende til myndigheitene. Vidare har rettishavar ei aksjonsplikt dersom rettshavar oppdagar at forhold ikkje er i samsvar med regelverket, og ei sjølvstendig plikt til å sikre seg tilstrekkeleg informasjon. Myndigheitene si tilsynsoppfølgjing kan rette seg mot operatøren, den einskilde rettshavar eller rettshavande som gruppe. Ein viktig tilsynsstrategi er å ansvarleggjere dei ulike aktørane for sitt ansvar etter regelverket. Tilsynet si rolle er å følgje opp at aktørane tek i vare dette ansvaret. Normalt vil dette skje gjennom oppfølgjing mot operatørane. Retttshavarar har eit sjølvstendig ansvar, i denne konkrete saka bad difor Petroleumstilsynet Statoil, som rettshavar i Goliat, om å vurdere Eni sine planar og om å foreta ei verifisering. Ei slik oppfølgjing direkte retta mot ein rettshavar er ei tilleggssoppfølgjing. Det er Petroleumstilsynet som førar tilsyn og gjev samtykke, basert på informasjonen tilsynet har i ei sak.