Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren

Dokument nr. 15:946 (2017-2018)
Innlevert: 13.02.2018
Sendt: 14.02.2018
Besvart: 16.02.2018 av justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Etter at regjeringa la fram sitt framlegg til ny våpenlov, uttalte både tidlegare justisminister Amundsen og statsminister Solberg seg som om forboda i forskrifta skal gå lenger enn proposisjonen når det gjeld halvautomatiske rifler til jaktbruk. Dette har skapt uro blant dei som lovleg eig slike rifler no.
Har statsråden oversikt over kor mange som eig rifler av typen Rüger Mini 14 og meiner ho at det bør innførast eit forbod med tilbakeverkande kraft mot denne og liknande rifler utan kompensasjonsordning?

Begrunnelse

Eg har tidlegare fått signal frå fleire hald om at regjeringas framlegg til ny våpenlov ikkje er lett å tolke når det gjeld mellom anna halvautomatiske rifler. Sitat frå pressemeldinga frå justisminister Amundsen 01.09.2017:

"I lovforslaget er det foreslått å innføre et forbud mot halvautomatiske rifler som opprinnelig er konstruert for helautomatisk funksjon eller for militæret eller politiet. –Forbudet skal gjelde for allerede tildelte våpentillatelser og vil omfatte den våpenkategorien som ble benyttet til ugjerningen på Utøya den 22. juli 2011. Det er foreslått å gi unntaksregler på strenge vilkår for blant annet enkelte former for sportsskyting og våpensamlere, sier Amundsen."

Eg har fått opplyst at problemet med denne formuleringa er at det våpenet som vart nytta på Utøya var ein Ruger Mini, eit våpen som ikkje opprinneleg har vore konstruert for heilautomatisk eld eller for militæret eller politiet. Ein kan derfor lure på kva som eigentleg skal forbys, om det er sivile jaktvåpen som Ruger Mini og tilsvarande halvautomatiske rifler, eller om det er dei militære våpna som uansett allereie er forbodne og som ein berre kan få dispensasjon til å kjøpe om ein driv med dynamisk sportsskyting.
I det siste tilfellet blir det i praksis inga endring. Viss derimot også sivile halvautomatiske jaktrifler blir forbodne er det viktig å få klårgjort grunngjevinga for dette, samt kva som skjer med dei som allereie har slike våpen. Det er mange som lurer på om desse vil få inndratt våpna sine, eller om dei vil kunne behalde dei utan høve til å selgje dei vidare. Våpna har stor økonomisk verdi, så viss våpna skal inndragast og eventuelt destruerast blir det eit spørsmål om staten skal betale erstatning for inndregne/destruerte våpen. Det er verdt å merke seg at sjølv om dynamiske sportsskyttarar vil kunne få løyve til å kjøpe dei våpna som blir forbodne til jakt, er det lite aktuelt for desse dynamiske sportsskyttarane å kjøpe dei. Dette handlar om at våpna ikkje er særleg godt eigna til føremålet dynamisk sportsskyting, men heller til jakt som dei no blir brukte til. Statsråden bør gi ei grunngjeving for kvifor desse våpna skal bli ulovlege og inndregne sjølv om dei ikkje tilhøyrer gruppa av våpen konstruerte for heilautomatisk eld eller for militæret eller politiet. Gjørvkommisjonen (NOU 2012:14) konkluderte med at det var registrert mellom 123 og 1105 eksemplar av modellen Ruger mini 14, som Breivik brukte på Utøya. 123 var registrerte som den konkrete modellen Ruger mini 14, og 982 våpen kunne vera denne modellen, men også ein annan modell, fordi dei ikkje kunne identifiserast sikkert med data frå våpenregisteret. Det vil vera interessent å høyre om det er lettare å identifisere våpenmodellane no i 2018, i tilfelle desse skal vera av dei som blir omfatta av eit forbod med tilbakeverkande kraft.
Det kan hende uttalelsen frå statsråden og statsministeren var ubetenksame, men medlemmar av regjeringa bør tenkje over korleis uttalelsane deira blir tolka av dei som uroar seg for lovendringar som kan ramme dei sjølve og aktiviteten dei driv med. Det er ønskjeleg at den nye justisministeren klårgjer kva regjeringa meiner.

Sylvi Listhaug (FrP)

Svar

Sylvi Listhaug: Jeg takker for muligheten til å svare på viktige spørsmål i forbindelse med ny våpenlov. Jeg viser også til svar på skriftlig spørsmål nr. 128 av 3. november 2017 fra tidligere statsråd Amundsen.
Når det gjelder spørsmålet om hvor mange som eier rifler av typen Rüger Mini 14, har jeg innhentet informasjon fra Politidirektoratet. Direktoratet opplyser at det ifølge våpenregisteret er i underkant av 900 personer som eier halvautomatiske rifler av denne typen. Direktoratet viser til at det kan være feilkilder og at det kan være noen flere.
Når det gjelder andre del av spørsmålet, viser jeg til Prop. 165 L (2016-2017) Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova) side 32. Som det fremgår av proposisjonen foreslår departementet at et forbud mot halvautomatiske rifler med størst skadepotensiale også skal gjelde allerede tildelte våpentillatelser. Forslaget er begrunnet i at skytevåpen har lang levetid, og om reglene ikke får virkning for allerede gitte tillatelser, vil slike våpen være tilgjengelig over lang tid. En slik løsning vil derfor langt på vei undergrave virkningen av et forbud.
Det foreslås i proposisjonen overgangsregler på tre år fra lovens ikrafttredelse slik at våpeneiere kan avhende våpen som rammes av forbudet. Selv om slike våpen ikke lett kan avhendes i Norge, vil de likevel kunne avhendes til land som fremdeles tillater våpentypen. De våpen som ikke er avhendet innen fristen må innleveres eller deaktiveres. Det er ikke lagt opp til noen kompensasjonsordning.