Tore Storehaug (KrF): Planlegg statsråden å komme til stortinget med ei sak som kastar lys over norsk petroleumspolitikk og legg opp til ein diskusjon om vidare retning for denne?
Begrunnelse
Eit fleirtal i energi- og miljøkomiteen har stilt seg bak ein merknad og forslag om å be om ei ny stortingsmelding. Dette er gjort i eit representantforslag om «å stanse tildeling av nye letetillatelser på norsk sokkel». Her blir det vist til at førre petroleumsmelding var før fallet i oljepris og andre faktorar som har endra seg siste åra.