Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1405 (2017-2018)
Innlevert: 23.04.2018
Sendt: 24.04.2018
Besvart: 02.05.2018 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tilrådd fleire frådelingar frå kommunar, til og med der innbyggjartalet overstig 25 %. I Gjemnes gjeld det like over 25 % av innbyggjarane, og i Norddal heilt oppe i 30 %.
Meiner statsråden at kommunar kan frådelast areal med så stor del av innbyggjarane utan at konsekvensane for resten av kommunen skal vektleggjast i avgjerda og utan stortingsbehandling?

Begrunnelse

Stortinget behandla sak om endringar i inndelingslova våren 2016 kor det vart gjort justeringar i reglane for kva som er deling og kva som er grensejustering. No heiter det at «normalt vil 25 % av innbyggjarane danne den øvste grensa for når ein del av kommunen som skal delast kan behandlast etter reglene om grensejustering.».
Både grensejustering og deling blir avgjort av departementet, men i delingssaker skal sakene fram for Stortinget dersom dei råka kommunane er usamde i tilrådinga om deling. Det er det i desse sakene som gjeld kommunar i Møre og Romsdal. Spørsmålet må lesast med dette som bakgrunn – dette gjeld delingssaker der kommunane sjølve er usamde i fylkesmannen si tilråding. Det er også all grunn til å protestere på at sakene blir handsama som grensejusteringssaker, i og med at grensa for kva som er grensejustering og kva som er deling normalt går ved 25 %. Det er vidare grunn til å reagere over måte fylkesmannen har kommentert si eiga tildeling om frådeling av delar av Gjemnes på. Der har han sagt at delingssaken mellom Gjemnes og Molde kan blir utsett dersom Gjemnes signaliserer at dei vil ha ein prosess om kommunesamanslåing. Dette er strengt tatt å bruke tvangsverkemidlar.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Dei ulike typane grenseendringar mellom kommunar og fylkeskommunar er definert i inndelingslova, som også fastset kven som skal fatte vedtak i ulike saker. Kommune- eller fylkesdeling er definert i § 3 andre ledd: Deling inneber a) at ein kommune eller eit fylke blir delt i to eller fleire nye einingar, eller b) at ein kommune eller eit fylke blir delt, og dei einskilde delane blir lagde til andre kommunar eller fylke.
Det følgjer av § 3 tredje ledd at flytting av eit område frå ein kommune til ein annan, eller flytting av en heil kommune over til eit anna fylke, er ei grensejustering. At det er ei grensejustering gjeld uavhengig av kor stor delen som blir flytta er, så lenge kommunen eller fylket delen blir flytta frå fortset å eksistere som eigen kommune eller fylke. I 2016 fekk § 3 tredje ledd ei ny siste setning, som inneber at "departementet kan fastsetje at endring av grensene til eit område skal behandlast som ei grensejustering, dersom området har ein mindre del av innbyggjarane i ein kommune eller eit fylke som skal leggjast til andre kommunar eller fylke etter andre ledd bokstav b." Regelen inneber at departementet kan fastsetje at ei grenseendring som i utgangspunktet er ei deling etter § 3 andre ledd bokstav b, skal behandlast som ei grensejustering dersom delinga gjeld ein mindre del av kommunen, og den skjer samtidig med at dei andre delane av kommunen blir lagde til andre kommunar, slik at den opphavlege kommunen ikkje lenger eksisterer. Grunngjevinga for regelen er mellom anna at det vil vere mykje arbeid for kommunen å gjennomføre to delingsprosessar samtidig, med dei krava som blir stilte til ein slik prosess etter inndelingslova. Av forarbeida til regelen kom det fram at 25 prosent normalt vil vere den øvste grensa for kva som er ein "mindre del" og som departementet dermed kan fastsetje at skal behandlast som ei grensejustering, men at departementet vil sjå på heilskapen og eventuelt avvike frå føringane i forarbeida. 25 prosent er altså ikkje ei absolutt grense for når ei sak anten er ei grensejustering eller deling.
Sidan Gjemnes kommune fortset å eksistere, vil flytting av ein del av Gjemnes til ein annan kommune vere ei grensejustering, uavhengig av kor stor del av kommunen denne delen utgjer. Det følgjer av § 6 at Kongen gjer vedtak om grensejustering, og denne kompetansen er delegert til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Sidan Norddal kommune slår seg saman med Stordal kommune, vil samtidig flytting av ein del av kommunen til Stranda kommune vere ei deling etter § 3 andre ledd bokstav b, men her kan departementet fastsetje at flytting av ein mindre del av Norddal kommune skal behandlast som ei grensejustering, jf. grunngjevinga over. Departementet har ennå ikkje fastsett om endringa skal behandlast som ei grensejustering eller ei deling.
Vedtak om grensejusteringar var ikkje del av Stortingets behandling av kommunereforma, men skulle takast i etterkant av samanslåingsvedtaka, jf. Prop. 96 S (2016–2017) og Innst. 386 S (2016–2017). I kjølvatnet av dei lokale samanslåingsdiskusjonane har det komme fleire initiativ frå innbyggarar om grensejusteringar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett i gong utgreiingar av fleire av desse. Fylkesmennene står for utgreiingane, og dei har hatt tett dialog med dei aktuelle kommunane i arbeidet, og utarbeid utgreiingane i samarbeid med kommunane.
Eit viktig omsyn i vurderinga av desse sakene er kva konsekvensar det har for kommunen som mister innbyggarar. Dette omsynet må sjåast saman med og vurderast opp mot mellom anna innbyggarane sine ønske, kva for ein bu- og arbeidsregion området tilhøyrar og omsynet til gode og funksjonelle grenser. Omsynet til pågåande samanslåingsprosessar er også eit viktig moment, for dei kommunane dette gjeld.
Av omsyn til mellom anna lokale nominasjonsprosessar til kommunestyrevalet i 2019 og tid til nødvendige førebuingar hjå kommunane og statlege etatar, er det viktig med ei tidlig avgjerd i sakene. Eg legg derfor opp til at sakene blir handsama av departementet i tråd med reglane i inndelingslova, før sommaren. Departementet vil høyre kommunane sitt syn på tilrådinga frå fylkesmannen før avgjerda blir teke.